Vandrealbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Vandrealbatross
Status i verda: Sårbar (VU)

Vandrealbatross
Vandrealbatross

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidæ
Slekt: Diomedea
Art: D. exulans
Vitskapleg namn
Diomedea exulans
Linné, 1758

Vandrealbatross (Diomedea exulans) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet. Det var den første arten av albatrossane som vart skildra, og han vart lenge rekna som same art som tristanalbatross. Han er den største medlemmen av slekta Diomedea (storalbatrossar), og er ein av dei mest kjente og studerte fugleartar i verda.

Vandrealbatrossen har størst vengespenn av alle levande fuglar med gjennomsnittleg vengespenn på 3,1 meter. Det største kjente eksemplaret skal ha hatt vengespenn på om lag 3,7 m, upålitande rapportar om så mykje som 5,3 m er kjent. Med hjelp av dei store vengene er fuglen i stand til å gli gjennom lufta i fleire timar utan å slå vengene, han glir 22 meter for kvar meter han mistar høgd. Kroppslengda er ca. 1,35, hoene vert noko mindre enn hannar, og dei veg vanlegvis 6 - 12 kg. Umodne fuglar er registrert med kroppsvekt på så mykje som 16,1 kg på dei første flyreisene deira. Fjørdrakta varierer med alderen, men vaksne har kvite kroppar med svarte og kvite venger. Hannar har mest kvitt på vengene, berre tupp og bakkant på vengene er svarte. Dei viser også ein svak ferskenfarga flekk på sida av hovudet. Vandrealbatrossen er den lysaste av albatrossartane, andre artar har mykje meir brunt og svart på venger og kropp i hekkedrakt, som umodne vandrealbatrossar. Nebb og føter har rosa farga.

Fuglen beitar blekksprut, småfisk og avfall som flyt på overflata, dei kan ete slike mengder at dei får vanskar med å lette opp frå sjøen og må kvile hjelpelaust på vatnet.

Vandrealbatrossen dannar lause hekkekoloniar på isolerte øygrupper på sørlege hav slik som Crozet Islands, Sør-Georgia, Campbell Island, New Zealand, Auckland Islands, Marion Island, Prince Edward Island, Kerguelen og Macquarie Island. Dei rugar eitt egg i eit konisk forma reir som kan vere ein meter i diameter nedst og ein halv meter i diameter på toppen.