Kongepingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongepingvin

Status i verda: LC Livskraftig

Kongepingvinar på Sør-Georgia. Foto: Samuel Blanc
Kongepingvinar på Sør-Georgia.
Foto: Samuel Blanc

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Sphenisciformes
Familie: Spheniscidae
Slekt: Aptenodytes
Art: A. patagonicus
Vitskapleg namn
Aptenodytes patagonicus
Miller, 1778
Aptenodytes patagonicus

Kongepingvin (Aptenodytes patagonicus) er den nest-største av alle pingvinartar. Berre keisarpingvinenAntarktis er større. Desse to artane er dei einaste artane i familien Aptenodytes. Kongepingvinen vart skildra av engelskmannen John Frederick Miller i Patagonia i 1778.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pingvinane kan bli opptil 90 cm høge og vega opp til 16 kg. Hannane er noko større enn hoene. Fjørdrakta er sølvgrå på ryggen, hovudet er svartbrunt med gylne flekker ved øyra. Føda er stort sett fisk og små blekksprutar. Ville kongepingvinar kan bli 15 til 20 år gamle.

Kongepingvinane er seriemonogame, og legg vanlegvis egg éin gong i året. Dei legg eitt egg, og på same måten som keisarpingvinen vekslar foreldra mellom kven som skal ruga på egget og kven som skal skaffa mat. Skifta er på 6 til 18 dagar. Sjølve rugetida varer om lag 55 dagar før ungen kjem ut. Også etter klekkinga vekslar foreldra på å skaffa mat og varma og passa ungen. Når ungen er litt større, blir han sett i ei gruppe med mange pingvinungar, ein såkalla crèche.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Pingvinen vart delt inn i to underartar av Gregory Mathews i 1911. Forskarane reknar med desse underartane enno i dag, og artane lever på fråskilte område. Aptenodytes patagonicus patagonicus hekkar på Sør-Georgia, Eldlandet og Falklandsøyane. Den andre underarten, Aptenodytes patagonicus halli hekkar på Kerguelen, Crozetøyane, Prince Edwardøyane, Heard- og McDonald-øyane og Macquarieøya. Til saman finst det over 2 millionar par kongepingvinar, og bestanden aukar.

I 1936 forsøkte ein å sleppa ut kongepingvinar i Gjesvær i Finnmark og på Røst i Lofoten. Pingvinar vart framleis sett her i 1940-åra, men sidan 1949 har ingen vorte sett. Kongepingvinane finst også i dyrehagar.

Kongepingvinen Nils Olav lever i Edinburgh Zoo og er æresobert og maskot i Hans Majestet Kongens Garde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]