Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden sett frå Saudehornet i august 2010 - sentrale delar av Hovdebygda i framgrunnen

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna den 1. juli 1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen er på 866 x 30 m med asfaltdekke.

Flyselskapet Widerøes Flyveselskap ASA driv ruteflyging til lufthamna. Det går rutefly til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen, via Sogndal lufthamn, Haukåsen eller som direktefly til Oslo.

Flyplassen har hatt stor auke i passasjertalet dei siste åra. Mykje av årsaka til det er betre kommunikasjonar i regionen (Eiksundsambandet og Kvivsvegen), som har gjort flyplassen lettare tilgjengeleg for fleire. I takt med dette har også rutetilbodet auka. Avstanden frå Ørsta sentrum til flyplassen er 4 km, frå Volda 7 km, Ulsteinvik 30 km, Fosnavåg 45 km og Stryn 64 km.

Volda Ørsta flyklubb har Hovden som base.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]