Kristiansund lufthamn, Kvernberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristiansund lufthamn, Kvernberget
IATA: KSUICAO: ENKB
Oversyn
Eigar Avinor
Operatør Avinor
Høgd  62 moh


Koordinatar 63°06′42″N 07°49′28″E
Nettside Heimeside
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
07/25 5773 1830 Asfalt

Kristiansund lufthamn, Kvernberget er ein flyplass eigd og driven av Avinor AS. På Kvernberget ligg det òg ein helikopterterminal med flygingar til nokre av dei norske oljeriggane i Norskehavet.

Det er 4 grinder på Kvernberget. Grind 2 og 3 vert nytta til vanlege innanlandsruter og grind 1 til leigeturar, medan grind 4 vert nytta berre ved spesielle høve. Flyplassen handterer rundt 230 000 passasjerar i året, medan heliporten har rundt 70 000. Kvernberget har direkteruter til Molde, Trondheim, Oslo, Bergen, Stavanger og Aberdeen. Lufthamna har dessutan leigeturar til Mallorca og Romania, og rutefly til Aberdeen via Stavanger. Han har ein kafeteria driven av Select Service Partner (SSP), og ein kiosk.

Flyplassen blei bygd i 1970, og fekk namn etter Kvernberget like ved. Fjellet, på 205 moh., er det høgaste på Nordlandet og var òg det høgaste i Kristiansund kommune føre Frei kommune vart innlemma den 1. januar 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]