Øya Reichenau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reichenau sett frå Sveits
Kart over den vestlege delen av Bodensjøen

Reichenau er ei øy Bodensjøen sør i Tyskland. Ho ligg mellom Gnadensee og Untersee, nesten rett vest for byen Konstanz. Øya er forbunde til fastlandet via ein kunstig vegfylling.

I 2001 vart øya ein del av verdsarvlista til UNESCO på grunna av klosteret her. Klosterkyrkja er tileigna Jomfru Maria og St. Maruks. To andre kyrkjer er bygd på øya, den eine tileigna St. Georg, og den andre til St. Peter og Paulus. Dei kjende kunstverka på Reichenau er mellom anna dei unike ottoianske veggmåleria av mirakla til Jesus frå 900-talet. Abbeden budde i ein toetasjars steinbygning som vart heva med to ekstra etasjar av bindingsverk på 1300-talet, eit av dei eldste bindingsverksbygga sør i Tyskland.

Klosteret eigde mellom anna landsbyen Reichenau, som ligg i kommunen Tamins i kantonen Graubünden i Sveits, og som er kalla opp etter klosteret.

I dag er øya kjend for grønsaksgardane og vingardane. Wollmatinger Ried ved sida av øya er eit stort naturreservat, eit våtmarksområde med halmstrå der mange trekkfuglar har stoppestad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Georgskyrkja

Det allemanniske namnet på øya var Sindleozesauua, men vart òg berre kalla Ow, Auua, som tyder «øy».

Benediktinarklosteret Reichenau vart grunnlagd i 724 av den omvandrande St. Pirmin, som skal ha flykta frå Spania før maurarane invaderte landet, og vart verna av Karl Martel og grev Berthold av Ahalolfinger og Hertugen av Schwaben Santfrid I. Pirmin kom i konflikt med vernarane sine og han reiste frå Reichenau i 727. Under Hatto, ein slektning av Greven av Hohenzollern [1], byrja klosteret å bløme. Det fekk innverknad på det karolingiske riket under abbed Waldo av Reichenau (740-814) ved at dei utdanna sekretærar som var tilsett i kanselliet. Abbed Walahfrid Strabo (842-849) var ein kjend poet.

Klosteret låg ved ein av hovudvegane mellom Tyskland og Italia, og husa ein skule, eit scriptorium og ein verkstad for kunstnarar, og skal ha vore eit av dei største og kulturelt viktigaste sentera som produserte handskrivne manuskript i Europa seint på 900-talet og tidleg på 1000-talet. Eit døme på kva sciptoriumet produserte var Pericopes av Henry II, laga for keisaren. Dette ligg i dag i München. Reichenau har bevart sine verdifulle lekamar, som mellom anna inkluderter krus frå bryllupet i Kanan.

Klostret nådde toppen under abbed Berno av Reichenau (1008-1048). Under hans tid levde og arbeida lerde som Hermanus Contractus i Reichenau. Under andre halvdelen av 1000-talet vart klosteret kulturelt viktigare før det avtok på grunnav pave Gregorius VII sin restriktive reformer og på grunn av klosteret si rivalisering med det nærliggande klosteret Sankt Gall. Etter kvart vart klosteret lite viktig. Då området rundt klosteret vart avkrista og klosteret var oppløyst under Napoleon, vart delar av Reichenau sitt vidkjende bibliotek flytta til det statlege Landesbibliothek i Karlsruhe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]