Świdnica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Świdnica
Gamlebyen
Gamlebyen
Byvåpenet til Świdnica
Byvåpenet til Świdnica


Plassering
Świdnica is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Nederschlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
990
1267
Borgarmeister Wojciech Murdzek
Geografi
Flatevidd
 - By

22 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

60 354
Koordinatar 50°51′0″N 16°29′0″EKoordinatar: 50°51′0″N 16°29′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 58-100 til 58-106
Telefon-retningsnummer +48 74
Bilnummer DSW
Nettstad: www.um.swidnica.pl

Świdnica (tysk Schweidnitz, tsjekkisk Svídnice) er ein by sørvest i Polen med kring 60 000 innbyggjarar. Han ligg i Nederschlesiske voivodskap og er den sjuande største byen der. 1975–1998 var han ein del av det tidlegare Wałbrzych voivodskap.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Katedralen St. Stanislav og St. Vaclav

Świdnica vart ein by i 1250, sjølv om det ikkje finst dokument lenger som stadfester dette. I starten høyrte byen til hertugdømet Wroclaw (Breslau) og fekk to viktige privilegium for å støtte opp om utviklinga. I 1290 hadde Świdnica bymurar med seks portar, handverket og handelen blømde. Frå 1291 til 1392 var byen hovudstad Hertugdømet Świdnica.

Mot slutten av 1300-talet vart byen underlagt Kongedømet Böhmen og byen voks gradvis i denne perioden. Den siste piast-hertugen var Bolko II av Świdnica, og då han døydde i 1368 og landområdet hans vart styrt av hustrua fram til 1392. Då ho døydde vart landområdet innlemma i Böhmen av Wenzel IV. I 1493 vart byen omtalt av Hartmann Schedel i Nürnbergkrønika som Schwednitz.

I 1471 var det 47 handelslaug i drift i byen, og nesten 300 heimar hadde rettar til å brygge øl, og større kveg- og humlemarknader vart ofte halde. Ølet vart sendt til mange byar i Europa, som Breslau, Praha, Heidelberg, Kraków og Pisa.

I 1526 vart heile Schlesien, inkludert Schweidnitz, underlagt Habsburgmonarkiet. Trettiårskrigen (1618–1648) gjekk hardt ut over hertugdømet. Byen vart annektert av Kongedømet Preussen under den første schlesiske krigen og så omgjort til ei festning. Schweidnitz vart ein del av det prøyssisk-leia Tyske keisardømet i 1871 under samlinga av Tyskland.

Byen kom tilbake til Polen etter Postdamkonferansen i 1945 og gjeve namnet Świdnica. Den tyske folkesetnaden som ikkje alt hadde flykta frå byen vart kasta ut og erstatta av polakkar. Mange av polakkane hadde igjen vorte kasta ut av polske område annekterte av Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Świdnica