Šiauliai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Šiauliai
Byvåpenet til Šiauliai
Byvåpenet til Šiauliai
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Samogitia
Šiauliai fylke
Først nemnd
Byrettar
1236
1589
Geografi
Flatevidd
 - By

401 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

128 396
  1 353/km²
Koordinatar 55°56′″N 23°19′″EKoordinatar: 55°56′″N 23°19′″E
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.siauliai.lt
Plassering
Plassering av  Šiauliai

Šiauliai (samogitisk Šiaulē, tysk: Schaulen) er den fjerde største byen i Litauen med om lag 130 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Šiauliai fylke og uoffisiell hovudstad i Nord-Litauen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder som Soule i krønikene til Den liviske ordenen der solslaget vert skildra. Byen si grunnlegging vert derfor rekna som 22. september 1236, den same datoen då slaget fann stad, ikkje langt frå Šiauliai. Han utvikla seg først som ein militærpost for å forsvare området mot åtak frå Den tyske riddarordenen og Den liviske ordenen. Etter slaget ved Grunwald i 1410 stoppa plyndringstokta. I 1445 vart det bygd ei trekyrkje, som vart erstatta av ei mursteinskyrkje i 1634 som framleis står i sentrum av byen i dag.

Šiauliai domkyrkje står der den første trekyrkja vart bygd i 1445

Šiauliai fekk magdeburgrettar i 1589. På 1500-talet vart han det administrative senteret i området, men på 1600- og 1700-talet vart byen øydelagd av Den svenske syndfloden og byllepestepidemiar.

Antoni Tyzenhaus (1733-1785) starta radikale økonomiske og urbane reformer etter eit valdeleg bondeopprør mot krona i Nord-Litauen. Han bygde opp byen i klassisistisk stil. Byen vart etter kvart ein velutvikla by og Stanisław August Poniatowski, konge av Den polsk-litauiske realunionen stadfesta i 1791 på ny Šiauliai sine byrettar og gav han eit byvåpen.

Etter delingane av Polen fekk Šiauliai eit nytt byvåpen. Byen voks og vart eit viktig utdannings- og kultursenter. I 1836-1858 vart det bygd vegar til Riga og Tilsit, i 1871 vart det bygd jernbanesamband til Liepāja og Romny. Šiauliai låg ved fleire handelsruter og utvikla seg til ein industriby. Alt i 1897 var han den tredje største byen i Litauen med om lag 16 000 innbyggjarar. Šiauliai var eit senter for produksjon av lærprodukt. Chaim Frenkel eigde den største lærfabrikken i Det russiske keisardømet.

Under den første verdskrigen vart 65 % av bygningane brende til grunnen og bysentrumet vart øydelagt. Etter krigen mista Litauen hovudstaden Vilnius til Polen og Šiauliai vart viktigare. Før Klaipėda vart ein del av Litauen var byen den nest viktigaste etter Kaunas. I 1929 vart sentrum av byen bygd opp att.

Dei første åra då Litauen var sjølvstendig var vanskeleg fordi industribyane mista marknadene sine i Russland og dei måtte finne nye kundar i Vest-Europa. I 1932 vart det bygd jernbanesamband til Klaipėda og byen vart forbunden til dei vestlege marknadene.

I 1939 var ein fjerdedel av innbyggjarane jødar. Tyske nazistar gjekk inn i Šiauliai 26. juni 1941. Om lag tusen jødar vart skotne i ein nærliggjande skog dei første vekene av okkupasjonen etter å ha grave sine eigne graver. Det var to ghettoområde i Siauliai. I løpet av den andre verdskrigen vart den jødiske folkesetnaden redusert frå 8 000 til 500. Om lag 80 % av bygningane i byen vart øydelagde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Šiauliai

Kjelder[endre | endre wikiteksten]