Aa i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aa
Aa ved Merck-Saint-Liévin
Aa ved Merck-Saint-Liévin
Utspring Nord-Pas-de-Calais
Munning Nordsjøen
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 80 km
Middelvassføring 10 m³/s
Nedslagsfelt 1 215 km²

Aa er ei 80 km lang elv nord i Frankrike. Ho har sitt utspring nær landsbyen Bourthes. Elva renn gjennom følgjande departement og byar:

Aa munnar ut i Nordsjøen nær Gravelines.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva har to kjenneteikn. Frå kjelda til Saint-Omer er ho ei lita kalkelv, ei lita utgåve av Somme. Frå Saint-Omer og til sjøen er elva kanalisert der fleire kanalar fører til Calais og Dunkirk, medan Canal de Neuffossé fører innover i landet til det franske kanalsystemet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saint-Omer låg tidlegare oppfor elvemunningen, medan Calais låg på vestsida og Bergues, i dag innanfor Dunkirk, låg på austsida. Då vikingane slo seg ned her utvikla Dunkirk seg på sanddynene utanfor Bergues. Gravelines vart seinare ei hamn ved elva og sjøen. På 1500-talet danna elva grense mellom Spansk Nederland og Frankrike.