Aase Nordmo Løvberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aase Nordmo Løvberg (fødd 10. juni 1923 i Målselv, død 25. januar 2013)[1] var ein norsk operasongar. I ei årrekke song ho med Jussi Björling ved Kungliga Operan i Stockholm. Ho song under namngjetne dirigentar som Herbert von Karajan og Sir Georg Solti.
Nordmo Løvberg debuterte i Oslo i 1948. I perioden 1952 til 1970 budde ho i Stockholm, avbrote av nokre opphald ved Wiens Statsopera og The Metropolitan Opera i New York.
Av utdrag frå den norske yrkeskarrieren, kan ein nemne at ho vart lektor ved Musikkonservatoriet i Oslo 1970. Ho vart vidare professor ved Norges musikkhøgskole i perioden 1973–90 og var sjef ved Den Norske Opera frå 1978–81.
Ho var gift med Børt-Erik Thoresen (død 2011) og budde på Lillehammer siste delen av livet.
Utmerkingar [endre]
- Løvberg vart tildelt Petter Dass-medaljen i 1978 "for å vera nordnorsk songstjerne."
- Aase Nordmo Løvberg vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1957 og til kommandør i 1981.
- Løvberg vann Lindemanprisen i 1990.
- Etter å ha avslutta yrkeskarrieren, fekk ho Gammleng-prisen i klassa veteran i 2000.
Referansar [endre]
- ↑ Susanne Noreng (26. januar 2013). «Nordnorges store operastjerne har gått bort». Nordlys. Vitja 26. januar 2013.