Språket abaza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Abazinsk)
Abaza
Klassifisering Kaukasisk
 Nordvestkaukasisk
Bruk
Tala i Russland, Tyrkia
Område Karatsjajevo-Tsjerkessia
Abazatalande i alt 47 880 (1995–2010)
Språkkodar
ISO 639-3 abq

Abaza (også abazinsk, abazisk) er eit nordvestkaukasisk språk som er nært i slekt med abkhasisk. Totalt talar kring 50 000 menneske språket, knappe 40 000 i Russland og 10 000 utanfor landet, hovudsakleg i Tyrkia.[1]

Hovudutbreiingsområdet til språket er i Karatsjajevo-Tsjerkessia, der det blir skrive med kyrilliske bokstavar. I Tyrkia blir det skrive med latinske bokstavar.

Abaza er eit SOV-språk med ergativ setningsstruktur. Subjekt, direkte objekt og indirekte objekt blir markerte med verb-affiks i staden for kasus. Språket peiker seg ut gjennom sitt minimale vokalsystem med berre to vokalfonem, medan konsonantsystemet er svært omfattande, med 63 konsonantar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johansen, Pål (20. mars 2017). «abaza». Store norske leksikon (på norsk).