Abstraction-Création

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Abstraction-Création var ein laus samanslutnad av kunstnarar i 1930-åra. Dei samla seg i Paris i 1931, og gav ut tidsskriftet Abstraction-création: Art non-figuratif mellom 1932 og 1936. Dei balte med geometrisk abstraksjon og konstruktivisme, og hadde utstillingar med abstrakt kunst fleire stader i Europa.

Gruppa ville utgjera ei motvekt mot påverknaden til André Breton og den dominerande surrealismen. Dei som skipa foreininga var Auguste Herbin, Jean Hélion og Georges Vantongerloo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.