Mary Cassatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1878

Mary Stevenson Cassatt (22. mai 184414. juni 1926) var ein framifrå USA-amerikansk målar og grafikar frå Pittsburgh i Pennsylvania. Kunsten hennar høyrer inn under impresjonismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cassatt var dotter til ein kar som stamma frå ei av dei rikaste bankierfamiliane i Pennsylvania. Gjennom eit fireårs opphald i Europa lærte ho allereie i barneåra å kjenne dei europeiske kunstskattane. I 1861 begynte ho å studere på Pennsylvania Academy of Fine Arts i Philadelphia. Frå 1874 budde ho i Frankrike, der ho i Paris heldt fram studiane ei kort tid. Med stor interesse studerte ho i Frankrike, Italia og Spania måleria til store meistrar som Correggio, Diego Velázquez, Tizian og Rubens. Hennar eigne bilete fekk åtgaum og vart stilt ut på salongen i Paris.

Målaren Edgar Degas overtala henne til å slutte seg til den nye rørsla av sjølvstendige målarar, som seinare utvikla seg til dei såkalla impresjonistane. „Eg aksepterte med glede. Den konvensjonelle kunsten nekta eg å drive med. Eg byrja leve.“ Degas og Cassatt var nære venner i årevis. Ho stilte ut saman med impresjonistane og bidrog vesentleg til at impresjonismen tidleg vart populær i USA. Allereie i 1877 skreiv ho til ein rik venninne i New York og fekk denne til å kjøpe bilete av Edgar Degas og Claude Monet.

Losjen, 1880

Hovudtema i kunsten hennar var kvinner, særleg mor-og-barn-temaet. Bileta hennar syner fram alle tenkelege situasjonar av levemåten til borgarskapen, slik han arta seg i dei siste tiåra av det 19. hundreåret; i lag med borna sine, lesande, tedrikkande eller i operahuset. Etter ho 1890 i Paris fekk sjå japanske fargetresnitt, hadde ho suksess med denne forma for kunst.

Etter 1877 budde også foreldra og systera hennar i Paris. Likevel fann Cassatt tid til å inspirere, oppmuntre og gje økonomisk stønad til unge, kvinnelege kunststudentar.

I 1904 vart ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen. Tapet av synsevna gjorde at ho slutta å måle i 1914.

Ho døydde i Le Mesnil-Théribus i Oise i Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mary Cassatt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]