Accrington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Accrington

Accrington Town Hall
Accrington Town Hall
Plassering
Accrington is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Lancashire
Distrikt Hyndburn
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

35 203
Koordinatar 53°45′″N 2°22′″WKoordinatar: 53°45′″N 2°22′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BB5
Telefon-retningsnummer 0 1254
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Accrington

Accrington er ein by i Lancashire i England. Sjølve byen hadde ved folketeljinga i 2001 om lag 35 000 innbyggjarar, men det urbane området inkluderer òg landsbyane Church, Clayton-le-Moors, Great Hartwood og Oswaldtwistle, og folketalet for dette området var i overkant av 71 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet vert rekna for å vere ei forvanskning av acorn-ring-town («Kongle-/nøtteringbyen»), ein referanse til at byen inntil den industrielle revolusjon var omgjeve av eikeskog.

Tekstilindustrien var lenge viktig for byen, og mange var tilsette på tekstilmøller og fargeverk. Arbeidstilhøva var dårlege, og det var regelmessig konfliktar mellom tilsette og arbeidsgjevarar. Den mest omfattande konflikten var «Plugopptøyene» i 1842, då ein generalstreik spreidde seg frå by til by i området. Ein del mål vart oppfylt, men dei streikande nådde ikkje heilt fram med krava sine. Streiken kom i tilslutning til chartistrørsla. Byen er òg kjent for produksjon av murstein som er svært sterke, «Accrington NORI» (IRON, «jern», stava baklengs).

I 1878 vart byen eit eige distrikt, men ved lokalstyrereformen i 1974 vart han innlemma i Hyndburn.

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget i byen er Accrington Stanley FC. Klubben har ofte blitt trekt fram som eit døme på britisk pågangsmot trass i at det er lite håp om å lukkast. Han gjekk i 1921 inn i Football League, men i 1962 måtte han trekke seg og i 1965 vart klubben nedlagt. Han vart starta opp på nytt i sesongen 1968/1969, og nådde Conference National i 2003 og kom inn i Football League igjen i 2005. Heimebanen til klubben er Fraser Eagle Stadium.

Den tidlegare klubben Accrington FC var ein av dei tolv grunnleggjarane av Football League i 1888, men dei fall ut alt i 1893 og vart nedlagt kort tid etter på grunn av økonomiske problem. Accrington er ein av dei få byane som har den tvilsame æra å ha fått to lag slått ut av ligafotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]