Adam av Bremen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adam av Bremen (også kalla Adamus Bremensis) (1040–1085) var ein tysk geistleg og historieskrivar. Han er kjend for det historiske verket Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum, om erkebispedømmet Hamburg-Bremen, skrive på latin. Dette verket er ei særs viktig kjelda for historia til Nord-Tyskland og dei nordiske landa i perioden det omhandlar. Verket er sett saman av fire bøker, og byggjer delvis på skrivne kjelder og delvis på munnlege kjelder frå hoffa til Svein Estridssøn og erkebiskop Adalbert.
Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum er omsett til norsk:
- Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden : Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen : Etterord ved Helge Ingstad. Oslo 1993. Aschehoug. ISBN 82-03-20028-1
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Adam av Bremen»