Svein Tjugeskjegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svein I Tjugeskjegg
Sweyn.jpg
Svein Tjugeskjegg (Sweyn Forkbeard) som dekor i Swansea Guildhall i Wales (ferdig 1934)
Konge av Danmark og England
Regjeringstid Danmark: 986–1014
England: 1013–1014
Fødd ca. 960
Død 3. februar 1014
Ektefelle Gunhild av Polen
Sigrid Storråde
Far Harald Blåtann
Mor Tove, dotter av Mistivoi
Born Santslaue, senere nonne i England
Gyda, gift med Erik Jarl fra Norge, ukjent/usikker mor

med Gunhild av Polen:

med Sigrid Storråde

Svein Tjugeskjegg (kring 9603. februar 1014) var konge av Danmark ca 986-1014 og konge av England 1013-1014. Han hevda også overherredømme av Noreg 1000-1014, men mest i namnet ettersom Noreg stort sett styrte seg sjølv. Kongen er òg kalla Svein Tveskjegg etter dansk Svend Tveskæg, eller Svend I av Danmark. I Den angelsaksiske krønika er han kalla Swegen.

Svein etterfølgde far sin, kong Harald Blåtann, som konge av Danmark, sannsynlegvis mot slutten av 986 eller tidleg i 987, etter at han hadde gjort opprør mot faren og fordrive han.[1]

Svein Tjugeskjegg invaderer England. Miniatyr frå handskriftet Livet til Edvard vedkjennaren frå 1200-talet.

Saman med Olav Tryggvason herja han frå 994 fleire gonger i England med store vikingflåtar, og tvingde kong Adalråd (Ethelred) til å betala store summar i danegjeld.[1] Seinare slutta han seg til Olav sine fiendar og var med i slaget ved Svolder. Svein fortsette angrepa på England, og erobra heile landet i 1013.[1]

Svein Tjugeskjegg døydde 3. februar 1014 i Gainsborough i noverande Lincolnshire. Liket hans blei seinare ført til Roskilde og gravlagd der.[1] Han blei gravlagt i York Minster, men liket blei seinare flytta til Roskilde domkyrkje, der han i dag ligg på ein ukjent stad saman med faren Harald.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kong Svein er den store vikingkongen i Danmark: han var med på å lokke norskekongen Olav Tryggvason i ei felle og drap han i raseri over at kong Olav hadde gått til sengs med søstera hans Tyra Haraldsdatter.[treng kjelde] Dette gjorde han som eit opprør mot sin eigen far og tok kongsmakta. I tillegg erobra han England, sjølv om han døydde berre fem veker seinare.[treng kjelde] Han er mest kjent for å ha leia hæren som gjekk til åtak på England i 1013. «London bridge is falling down» fortel om da innbyggjarane av London brente brua over Themsen for å hindre framrykkinga til vikingane.[treng kjelde]

Striden mellom Svein og faren stod om kyrkjepolitikk, der Harald var tyskvennleg. Kjelder som Adam av Bremen og Thietmar av Merseburg feller ein hard dom over Svein, og det er vanskeleg å få eit klart bilete av hans eigen politikk.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svein Tjugeskjegg
  • Sturlasson, Snorre (2003): Snorres kongesagaer, Gyldendal 2003
  • Lund, Niels (1997): Harald Blåtands Død, Roskilde Museums Forlag, 1997.
  • Ashley, Mike (1998): British Monarchs, Robinson Publishing, 1998.
  • Sandqvist, Sven (1985): La mort du roi Souvain : le dix-neuvième conte du recueil intitulé Le Tombel de chartrose. Almqvist & Wiksell ISBN 91-7402-156-7
  • Howard, Ian (2003): Swein Forkbeard's invasions and the Danish conquest of England 991-1017. Boydell. ISBN 0-85115-928-1
  • Liljensøe, Jørgen (1989): Svend Tveskæg. Branner og Korch. ISBN 87-411-5580-7 (egnet for barn)
  • Sangen om slaget ved Maldon : og andre kilder til Sven Tveskægs og Olav Tryggvessons kampe i England i 990erne. Oversat med indledning og noter af Niels Lund. København: Museum Tusculanum / Selskabet til Historiske Kildeskrifters Oversættelse, 1991 ISBN 87-7289-157-2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Svend 1 Tveskæg» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 20. januar 2014.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.