Adam de la Halle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adam de la Halle. Miniatyr frå eit musikkverk.

Adam de la Halle (Adam frå Halle) (fødd omkring 1237 i Arras i Frankrike, død 1288 i Napoli i Italia), , òg kalla le bossu d'Arras (den pukkelrygga frå Arras), var ein fransk trubadur, diktar og musikar.

Adam de la Halle interesserte seg først for teologi før han gav opp det for å kunne gifte seg. Etter å ha skilt seg frå hustrua si brukte han resten av livet sitt på kulturen. Adam vert rekna som den første som aleine skreiv gjennomarbeida songspel - han kalla dei jeux ('spel'). Han var ein av dei første til å komponere fleirstemmig musikk friare enn tidlegare. Fleire av verka hans vart gjevne ut i nyutgåver mot slutten av 1800-talet.

Melodien til kjærleiksvisa «Kom du skjønne hjertevenn» (på tysk «Komm, o komm Geselle mein») er opphavleg komponert av Adam og inngår i songspelet Le jeu dei Robin et Marion. Teksten finst òg i Carmina Burana.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Le jeu de Robin et Marion

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adam de la Halle

Kjelder[endre | endre wikiteksten]