Arras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arras
Arras les places.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Pas-de-Calais
Geografi
Flatevidd
 - By

11,63 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

40 590
  3 490/km²
Koordinatar 50°17′″N 02°47′″EKoordinatar: 50°17′″N 02°47′″E
Høgd over havet 72 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 62000
Heimeside: www.ville-arras.fr
Plassering
Arras-Position.png

Arras (nederlandsk Atrecht) er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonssenter) i departementet Pas-de-Calais i regionen Nord-Pas-de-Calais, og har om lag 40 000 innbyggjarar.

Han er det historiske senteret i området Artois. I motsetnad til mange franske ord skal bokstaven «s» til slutt i namnet uttalast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Arras busetnaden til ei keltisk stamme kalla Atrebates, og vart seinare ein romersk garnisonsby kalla Atrebatum.

Han ligg i den tidlegare nederlandske og franske provinsen Artois. I mange hundreår var Arras på grensa mellom Frankrike og Nederlanda, og området byta ofte eigarar før han endeleg vart verande fransk seint på 1600-talet. Festningsverka som Vauban bygde hjelpte til med å halde byen fransk. Byen har vorte nært knytt til handel med Flandern, og vart seinare eit viktig senter for dyrking og prosessering av sukkerroer.

Unionen i Atrecht (det nederlandske namnet for Arras) vart signert her i januar 1579 av det katolske fyrstedømet i Nederlanda som var lojale til kong Filip II av Habsburg. Dette framprovserte Unionen i Utrecht seinare same månad.

Under den første verdskrigen låg Arras nær fronten og fleire slag vart utkjempa i nærleiken, mellom anna slaget ved Arras der fleire tunnelar frå mellomalderen under byen, som tyskarane ikkje kjende til, vart ein viktig faktor for at franskmenna klarte å halde byen. Byen vart derimot hardt råka og måtte byggast opp att etter krigen. Under den andre verdskrigen vart byen okkupert av tyskarane og 240 mistenkte franske motstandsfolk vart avretta her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arras