Fyrste
Fyrste eller fyrstinne (frå tysk fürst, 'den fyrste') er ei nemning eller tittel som kan visa til ulike typar adelsfolk. Ordet kan visa til eit medlem av eit kongehus eller høgadelen, men kan også brukast om einkvar uavhengig monark.
Innhaldsliste |
Fyrste som herskar [endre]
«Fyrste» kan brukast om ein uavhengig monark av eit område uansett kva for ein tittel dei brukar. Det kan visa til folk med titlar som konge, keisar, hertug og maharajah, men også fyrste. I Europa i dag finst tre fyrstedøme der statsoverhovudet brukar tittelen «fyrste»: Andorra, Liechtenstein og Monaco.
Prins har same avleiing som fyrste (latin princeps, 'den fyrste'), og blir i nokre språk brukt på same vis.[1]
Fyrste om adel elles [endre]
Fyrste har også blitt brukt som adelstittel i fleire land, mellom anna Tyskland og Russland. Tittelen har då gjerne vore den høgaste adelsklassa blant den ikkje-regjerande delen av adelen. Otto von Bismarck var ein slik fyrste. Varianter av fyrstetittelen er storfyrste og kurfyrste.
Fyrstehus eller fyrsteætt kan visa til slekta til ein uavhengig herskar.
Kjelder [endre]
- «Fyrste» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- Denne artikkelen bygger på «Fyrste» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2009.
Fotnotar [endre]
- ↑ Til dømes blir dei tidlegare indiske fyrstestatane kalla princely states på engelsk.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Keisar og keisarinne · konge og dronning · kurfyrste og kurfyrstinne · storhertug og storhertuginne · erkehertug og erkehertuginne · hertug og hertuginne · storfyrste og storfyrstinne · markgreve og markgrevinne · marki og markise · fyrste og fyrstinne · greve og grevinne · vicomte og vicomtesse · baron og baronesse · friherre og friherrinne · riddar og dame · herre og frue | ||