Adhan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adhan frå Fittja moské i Sverige, resitert av imamen Ergin Öcgem.
To muezzinar kallar til bøn. Teikning frå 1878 av Wilhelm Gentz.
Høgtalar fest på ein minaret i Malaysia.

Adhān (arabisk أَذَان‎, [ʔæˈðæːn]), også uttalt azan og ezan, er bønekallet i islam. Det blir resitert av ein muezzin til dei fem føreskrivne tidebønene kvar dag. I nyare tid kan ein også bruka tekniske hjelpemiddel til adhan.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Rota til ordet er ʼḏn أَذَن, som betyr 'tillate'. Ei anna avleiing av dette ordet er udun, som betyr 'øyre'.

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Adhan blir resitert eller sunge av ein muezzin frå ein moské, tradisjonelt frå ein høg minaret. Under framføringa pleier muslimar repetera orda stille, bortsett frå når muezzinen ber dei skunda seg til bøn og velgjere (ḥayya ʿala ṣ-ṣalāh og ḥayya ʿala l-falāḥ). Då er det stille svaret lā hawla wa lā quwata illā billāh ('der er ingen makt eller styrke utanom frå Gud').

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten til adhan varierer noko mellom ulike tradisjonar.

Sunni:[1][2][3][4]

Resitasjon Arabisk Transliterasjon Omsetjing[5]
2x الله أكبر,الله أكبر Allāhu akbar, Allāhu akbar Gud er størst, Gud er størst
2x أشهد أن لا اله إلا الله Ash-hadu an-lā ilāha illā allāh Eg vitnar om at der er ingen gud utanom Gud
2x أشهد أن محمدا رسول الله Ash-hadu anna Muḥammadan-Rasulullāh Eg vitnar om at Muhammed er sendemannen til Gud
2x حي على الصلاة Ḥayya ʿala ṣ-ṣalāt Skunda deg til bøn
2x حي على الفلاح Ḥayya ʿala 'l-falāḥ Skunda deg til velgjere
2x الله أكبر Allāhu akbar Gud er størst
1x لا إله إلا الله Lā ilāha illā-Allāh Der er ingen gud utanom Gud. 3

Linja «bøn er betre enn søvn» blir brukt ved morgonbøna.

Sjia[1][2][3][4][6]

Resitasjon Arabisk Transliterasjon Omsetjing[7]
4x الله اكبر Allāhu akbar Gud er størst
2x اشهد ان لا اله الا الله Ash-hadu an-lā ilāha illā llāh Eg vitnar om at der er ingen gud utanom Gud
2x اشهد ان محمدا رسول الله Ash-hadu anna Muḥammadan-Rasulullāh Eg vitnar om at Muhammed er sendemannen til Gud
2x1 اشهد ان عليا ولي الله Ash-hadu anna Alīyan walī-ullāh Eg vitnar om at Ali er vernaren til Gud.
2x حي على الصلاة Ḥayya ʿala ṣ-ṣalāh Skund deg til bøn
2x حي على الفلاح Ḥayya ʿalal-falāḥ Skund deg til velgjere
2x حي على خير العمل Ḥayya ʿala khayr al ʿamal Tida for den beste av gjerningar er komen!
2x الله اكبر Allāhu akbar Gud er størst
2x لا اله الا الله Lā ilāha illā llāh Der er ingen gud utanom Gud.

Moderne hjelpemiddel[endre | endre wikiteksten]

I moderne tid kan muezzinen bruka mikrofon og høgtalarar som ofte er festa høgt i minareten. Bøneropet kan også kringkastast.[8]

Muslimar kan også bruka klokker og appar som er innstilt til dei fem bønetidene der dei er. Tidene blir gjerne rekna ut automatisk om ein stiller inn dato, by og klokkeslett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Adhan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sahih Bukhari 89.329
  2. 2,0 2,1 Sahih Muslim : Book 020: Number 4477, 4478, 4480, 4481, 4482, 4483
  3. 3,0 3,1 Sunan Abu Dawood : Book 36: Number 4266
  4. 4,0 4,1 Sunan al-Tirmidhi (Arabic) Chapter of Fitan,
    2:45 (India) and 4:501 Tradition # 2225 (Egypt)
    Hadith #2149 (numbering of al-'Alamiyyah) Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. Byggjer på engelsk omsetjing ved Engelsk Wikipedia.
  6. Quran : Surah Sajda: Ayah 24-25. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  7. Adapted from: Adhan and Iqamah
  8. azaan.co.uk; «Tunisia resumes Adhan broadcasting», presstv.ir; «Channel 4 to broadcast Call to Prayer during Ramadan», channel4.com

Spire Denne islamartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.