Admiralty Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Admiralty Mountains
fjellkjede
Mount Herschel (3335 moh.) i Admiralty Mountains sett frå Cape Hallett
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°45′S 168°30′E
Høgaste punkt Mount Minto
 - høgd 4 165 moh.
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Admiralty Mountains
71°45′ S 168°30′ E
Admiralty Mountains is located in Antarktis
Admiralty Mountains (Antarktis)
Wikimedia Commons: Admiralty Mountains

Admiralty Mountains (òg skrive Admiralitetet Range) er ei stor gruppe høge fjell og fjellkjeder og ryggar nordaust i Victoria Land i Antarktis. Fjellgruppa grensar til Rosshavet, Sørishavet og Dennistoun-, Ebbe- og Tuckerbreen.[1]

Ho vart oppdaga i januar 1841 av kaptein James Ross som namngav dei etter Admiralitetet, som han tente under.[1]

Admiralty Mountains er delt inn i Dunedin Range, Homerun Range og Lyttelton Range.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda inneheld følgjande fjell:

Fjell Høgd (moh)
Mount Minto 4165
Mount Adam 4010
Mount Ajax 3770
Mount Sabine 3720
Mount Royalist 3640
Mount Bevin 3490
Mount Black Prince 3405
Mount Peacock 3210
Mount Gilruth 3160
Mount Achilles 2880
Mount Parker 1260

Mount Achilles[endre | endre wikiteksten]

Mount Achilles er eit markant pyramideforma fjell mellom Fitchbreen og Man-o-War-breen. Det vart namngjeve av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1957–58, etter den tidlegare newzealandske kryssaren HMNZS «Achilles».[2]

Mount Adam[endre | endre wikiteksten]

Mount Adam ligg 4 km vest-nordvest for Mount Minto. Det vart oppdaga i januar 1841 av kaptein Ross som namngav det etter viseadmiral Sir Charles Adam, ein lord i Admiralitetet.[3]

Mount Ajax[endre | endre wikiteksten]

Mount Ajax stig 1,5 km vest-sørvest for Mount Royalist. Det vart namngjeve av newzealandske GSAE, 1957–58, etter HMNZS «Ajax». Fjellet er eit av fleire i området kalla opp etter newzealandske skip.[4]

Mount Bevin[endre | endre wikiteksten]

Mount Bevin er eit markant, spisst fjell heilt på vestsida av Murraybreen. Fjellet ligg 3 km vest-nordvest for Mount Sabine. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2004) etter Tony Bevin, som var sjefslandmålar og styreleiar i New Zealand Geographic Board, 1996–2004, med ansvar for den newzealandske landmålinga og namngjevinga i Antarktis.[5]

Mount Black Prince[endre | endre wikiteksten]

Mount Black Prince består av mørkfarga bergartar. Det ligg 6 km vest for Mount Ajax. Det vart namngjeve av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZ GSAE), 1957–58, etter utsjånaden og den newzealandske kryssaren HMNZS «Black Prince».[6]

Mount Gilruth[endre | endre wikiteksten]

Mount Gilruth er eit nesten isdekt fjell (3160 moh) som ligg 8 km aust-nordaust for Mount Adam. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-63. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Robert R. Gilruth frå National Aeronautics and Space Administration, som vitja McMurdo-basen, 1966-67.[7]

Mount Minto[endre | endre wikiteksten]

Mount Minto er eit prominent, nesten isfritt fjell som ligg 4 km aust for Mount Adam i den sentrale delen av fjellkjeda. Det vart oppdaga i januar 1841 av kaptein James Ross, som namngav det etter jarlen av Minto, som då var marineminister.[8] Fjellet vart først klatra i 1988 av ein australsk ekspedisjon leia av Greg Mortimer og med mellom anna Lincoln Hall.[9]

Mount Parker[endre | endre wikiteksten]

Mount Parker er eit høgt pyramideforma fjell langs vestsida av Nashbreen. Området vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-63. Namnet Mount Parker vart gjeve til eit fjell i nærleiken av kaptein James Ross i 1840 til ære for viseadmiral sir Sir William Parker, ein lord i Admiralitetet, 1834-41, For å bevare det historiske namnet vart namnet gjeve til dette fjellet av US-ACAN.[10]

Mount Peacock[endre | endre wikiteksten]

Mount Peacock er eit høgt, pyramideforma fjell like ved toppen av Kellybreen, 2,6 km sørvest for Mount Herschel. Det vart oppdaga i januar 1841 av kaptein Ross som namngav det etter the dr. George Peacock, domprost i Ely.[11]

Mount Royalist[endre | endre wikiteksten]

Mount Royalist er eit markant fjell som står 3 km vest for Mount Adam. Det vart namngjeve av New Zealand GSAE, 1957–58, etter den imponerande utsjånaden og etter den newzealandske kryssaren HMNZS «Royalist». Fleire nærliggande fjelltoppar er kalla opp etter newzealandske skip som Mount Ajax og Mount Black Prince.[12]

Mount Sabine[endre | endre wikiteksten]

Mount Sabine er eit markant, relativt snøfritt fjell mellom enden av Murraybreen og Burnettebreen. Det vart oppdaga 11. januar 1841 av kaptein James Ross, som namngav fjellet etter oberstløytnant Edward Sabine i Royal Artillery, sekretær i Royal Society og ein av dei mest aktive støttespelarane til ekspedisjonen.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]