«Belgica»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belgica schiff.jpg
Belgica fanga i isen, 1898
Karriere
Namn: «Patria» (1884–96)
«Belgica» (1896–1916)
«Isfjord» (1916–17)
«Belgica» (1917–40)
Eigar: Johan Christian Jakobsen (1884–96)
Adrien de Gerlache (1896–1902)
N C Halvorsen (1902)
Prins Philippe, hertugen av Orléans (1902–1916)
Det Norske Kulsyndikat (1916–17)
Kristian Holst (1917–40)
Den fransk-britiske ekspedisjonsstyrken (1940)
Registreringshamn: Flagget til Noreg Svelvik (1884–96)
Flagget til Belgia Antwerpen(1896–1916)
Flagget til Noreg Spitsbergen (1916–17)
Flagget til Noreg Harstad (1917–40)
Verft: Christian Brinch Jørgensen
Sjøsett: 1884
Teke ut av teneste: 19. mai 1940
Lagnad: Søkkt av tysk luftåtak
Generelle mål
Klasse og type: Kvalbåt (1884–96)
Forskingsskip (1896–1901)
Kvalbåt (1901–04)
Forskingsskip (1904–09)
Kvalbåt (1909–18)
Fabrikkskip(1918–40)
Depotskip (1940)
Tonnasje: 263 BRT
Lengd: 35,97 m
Breidd: 7,62 m
Draft: 4,11 m
Framdrift: Segl, dampskip
Seglplan: Bark (1884–1918)
Mannskap: 23 (Belgica-ekspedisjonen)

«Belgica» var namnet på båten Roald Amundsen mønstra på som styrmann og for første gong sigla til Antarktis med. Båten heitte opphavleg «Patria», var konstruert av Johan Chr. Jakobsen, og vart bygt som kvalbåt i Svelvik i 1884.

Belgica-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Belgica-ekspedisjonen.
Belgica i Antarktis

Båten vart selt til Adrien de Gerlache i 1896 for 50 000 norske kroner for ein ekspedisjon til Antarktis. Han døypte skipet «Belgica» og forlét Antwerpen den 16. august året etter. Dette var det første skipet som overvintra i Antarktis, og er eit av dei få forskingsskipa som har vore i både arktiske og antarktiske område.

Skipa og mannskapet vart dei første til å overvintre i Antarktis då båten ikkje klarte å kome ut av ismassane før den antarktiske vinteren sette inn. 28. februar 1898 frøys båten fast. Først 13 månader seinare klarte mannskapet å få båten laus frå isen. Dei returnerte til Antwerpen den 5. november 1899.

Forutan Roald Amundsen som styrmann var det fem andre nordmenn blant mannskapet på nitten. Nansen og Amundsen møttest for første gongen på dekket på denne skuta.

Seinare nytte[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart etterkvart kjøpt av Duc d'Orléans, som sigla med Adrien de Gerlache på fleire andre ekspedisjonar. Ho vart omdøypt til «Isfjord» og brukt som frakteskute i kolfart mellom Svalbard og Noreg under den første verdskrigen.

Mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Båten vart kjøpt av Kristian Holst frå Harstad i 1918. Han gav ho igjen namnet «Belgica» då ho vart konvertert til flytande fiskeforedlingsanlegg og brukt under Lofotfisket.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

I maidagane 1940 brukte britane «Belgica» som flytande ammunisjonsdepot, fram til ho vart søkkt i Brurvika på Stangnes i Harstad under eit tysk luftåtak 19. mai 1940.

Vrakfunn[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart vraket lokalisert, og det har sidan 2004 vakt merksemd blant belgiske vitskapsmenn.

Belgica Societé[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart det i Belgia stifta eit non-profit interesseselskap, Belgica Societé, som består av arkeologar og marinbiologar. Belgiarane ynskjer å flytte heile eller delar av vraket frå Brurvika i Harstad til Belgia. Ein kopi i fullskala-storleik av båten skal byggjast i Belgia og gjerast om til museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]