Afghansk mynde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Afghanske mynd

Afghansk mynde eller afghanar er ein relativt stor mynde med lang pels. Han stammar frå Afghanistan og nærliggjande område, der han har gamle røter.


Opphav[endre | endre wikiteksten]

Afghansk mynde
Afghansk mynde er ein mynde med lang pels

Den opphavlege afghanaren (afghansk aboriginal) oppstod truleg i grensetraktane mellom Afghanistan, Pakistan og India, der han framleis finst i ei rekke lokale variantar og er kjend under fleire namn, til dømes balkh tazi, barutzy hound, baluchi hound og kabul tazi. Hundeforskarar trur rasen må vere komen dit frå meir sentrale strøk i Orienten, men dette er berre ein teori. I desse områda finst òg ein korthåra variant av rasen.

Den moderne vestlege rasehunden blei avla fram frå hundar tekne til Storbritannia på 1920-talet, og er ei blanding av ulike typar langhåra hundar frå Afghanistan og områda rundt.[1] Nokre hadde vore brukt som jakthundar og andre vakthundar.[2] Desse moderne afghanske myndane er avla for utsjånaden, og kan ikkje samanliknast med dei ein finn i Afghanistan, som bakhmull, khalag tazi og kyrgyz taigan.

Kor gamal afghanaren er veit ingen heilt sikkert, men rasen er truleg svært gamal. Liknande hundar er avbilda i grotteteikningar i Afghanistan som vert datert tilbake ca. 4 000 år i tid, så truleg må rasen ha oppstått for kring 5 000 år sidan. Altså er han truleg ein av dei eldste hunderasane.

Dei fyrste afghanarane kom til Europa mot slutten av 1800-talet, men rasen kan ikkje reknast som etablert her før etter den fyrste verdskrigen. Storbritannia vert i dag rekna som rasens heimland og står ansvarleg for rasestandarden.

Utsjånad og eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Afghansk mynde

Hannhundar vert kring 68-74 cm høge og veg normalt ca. 27 kg. Tispene vert ca. 63-69 cm høge og veg normalt kring 23 kg. Hunden har rett, sterk rygg og kraftige potar. Han har lang skalle med langt naseparti og tydeleg nakkeknøl. Augo er trekantforma og som regel mørke på farge. Øyre og hale sit lågt. Vestleg afghansk mynde er langhåra med silkemjuk pels, og treng mykje pelsstell.[3] Hos vaksne hundar skal pelsen vere kort og tett frå skuldrene og bakover langs sadlen. Lang pels frå pannan og bakover, som har ein tydeleg silkeaktig hårtopp; rikeleg med pels på øyrer og bein, men kort langs snutepartiet. Alle fargar er tillatne.

Afghanaren høyrer til dei myndane som har best stamina. Den kan halde jakta gåande i høgt tempo i timevis, og er sterk og energisk. Den har særs god kroppskontroll og er svært bevegeleg og godt balansert i alle situasjonar. Dei anatomiske forskjellane mellom bakhmull og den tradisjonelle vestlege afghanaren, som opphavleg var ein og same hund, er no so store at det er alvorleg grunn til ettertanke med omsyn til sistnemde, som ifølgje mange kynologer er i ferd med å verte usunn og uharmonisk som mynde.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Afghansk mynde-løp.

Den lange, varme og høgst særprega pelsen må ha utvikla seg på og kring dei golde og kalde afghanske høgslettene. Der har desse hundane hovudsakleg vore nytta som vakt- og hushundar, men og til hetsjakt på ville klovdyr, ørkenrev og kanin, til og med som gjetarhundar. Det er altså ein særs allsidig rase.

I dag er denne hunden framfor alt ein god familiehund, men er òg ofte å sjå på hundeutstilling rundt om i verda. I Noreg er lure coursing (løp etter falsk lokkekanin) ein populær sport for rasen, som òg er ein av dei mest populære myndane.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Mot kjende og kjære er denne hunden hengiven og lojal til det ubegripelege. Med framande er han litt meir reservert og skeptisk av natur, men ikkje uvenleg. Afghanaren er ein familievenleg og snill hund, og ganske flink med born.

Rasen taklar godt kulde. Utandørs er dei svært livlege og aktive hundar, som gjerne jagar naboens katt om sjansen byr seg. Rasen har framleis ein god del jaktinstinkt i seg, og vil jage om mogleg. Rasen er likevel grei kring andre hundar.

Stell[endre | endre wikiteksten]

Rasen krev mykje pelsstell, men som myndar flest er dette ein sunn hunderase. Afghansk mynde treng ein god del mosjon for å trivast maksimalt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Afghan Hound: A History». Afghan Network. http://www.afghan-network.net/Culture/afghan-hound.html. Henta April 5, 2011. 
  2. Afghan Hounds; Pisano, Beverly; TFH Publications; June 1988; pg. 12; ISBN 0-87666-682-9 and ISBN 978-0-87666-682-1
  3. «Afghansk mynde», Canis.no. Vitja 24. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Afghansk mynde