Dativ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dativ (frå lat. dare, «gjeva») eller sidefall er termen på eit morfologisk kasus. Syntaktisk er dativ ofte kasusen ein nyttar for indirekte objekt, eller han kan verta styrd av preposisjonar og adjektiv. Dativ kan også førekoma som (oblikt) subjekt.
Kasusen dativ finst i fleire moderne språk, som til dømes i dei germanske språki tysk og islandsk. Dativ finst òg i sume norske dialektar, og må sjåast som ein rest frå gamalnorsk.
Restar av dativ i moderne norsk skriftspråk finst i faste uttrykk som i live, av garde, gå mann av huse og tatt av dage. I desse tilfella vert dativ styrd av preposisjon.
[endre] Dativ i gamal nynorsk
Nedste eksempel er ikkje lenger godteke som riktig nynorsk:
Eg ser gjennom kvistane(akk.) på trea(dat.).
eller
Eg ser gjennom kvistane på treom.