Genitiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Genitiv eller eigefall er eit grammatisk kasus brukt i eigarkonstruksjonar, som tysk das Haus des Mannes eller finsk miehen talo, «mannens hus».

Genitiv i norsk[endre | endre wikiteksten]

Merk at normert norsk (bokmål eller nynorsk) ikkje har genitiv[treng kjelde]. Den såkalla «genitivs-s-en» vert i moderne grammatisk analyse rekna som eit klitikon[1] som markerer eigedomstilhøve. Derfor vil eit uttrykk som på norrønt het [konungsins af Noregi] bátr på moderne norsk kunne heite [kongen av Noreg]=s båt.

Restar av gammalnorsk genitiv finn ein faste uttrykk, ofte etter preposisjonen til :

  • til dømes
  • til års
  • til tols
  • til orde
  • til dags / kvelds
  • til lands / fjells / havs

Restar av genitiv finst òg i ordsamansettingar. Her vert –s- bruka etter sterke hankjønns- og inkjekjønnsord: dagsljos, kveldsmål, årstal, landsfolk. Sjeldnare brukar ein same forma etter hokjønnsord (morsmål). Elles vert hokjønnsord ved slike høve helst samanføydd med ein e: tidevatn, solemerke (etter gammalt genitiv tidar, solar).[2]

Former som dødsens kan i moderne norsk reknast som eigne ord, med opphav i ei gammal bunden genitivsform.[3]

I klassisk nynorsk grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det vanleg å rekne med at genitiv fanst i norsk, men da slik at det av dei gamle genitivformene på -s, -ar, -a , -e/i og -o/u var berre formene på -s som hadde halde seg levande i språket, mens dei andre formene var å finne berre i faste ordlag. Ein rekna da at s-formene hadde breidd seg i språket.[4]

Ivar Aasen registrerte at dei gamle genitivformene hadde halde seg best i ubundne hankjønnsord og etter mannsnamn. Hokjønns- og fleirtalsord med s-genitiv kalla han uekte genitiv. Han såg at folk ikkje hadde særleg bruk for genitivformene i daglegtalen, men at det ville vere større behov for formene i meir regelbunden stil. Han ville derfor ta vare på dei ekte genitivformene han fann i folkespråket.

I nynorsk språk har idealet vore å avgrense s-genitiven til former som fell saman med dei opphavlege gammalnorske formene. S-genitiv har vore godtatt etter sterke ubundne hankjønns- og inkjekjønnsord og mannsnamn, mens ein ellers har tilrådd omskriving etter mønster for munnleg språk.[5] «Noregs Mållag» er derfor eit døme på grei bruk av s-genitiv, medan «vekas artikkel» hjå mange skurrar i øyro. «Kongen av Noregs båt» vil heller ikkje vere gangbart i tradisjonell nynorsk.

I høgnorsk språk vert bundne genitivformer med endinga-sens bruka i poesi og i høgtidleg stil: Dagsens auga sloknar ut (Blix) og Aa, du Guds lamb som bar heimsens synder (Altarboki 1920).

Både i norske dialekteter og i nynorsk skriftspråk kan eigeform av ordpar som «han far», «ho mor» og «ho Kari» verta uttrykt som «hans far», «hennar mor» og «hennar Kari». Døme på dette innan poesien er Handi hans far min (Hovden) og Målet hennar mor (Reitan), medan ein i nynorsk bibelomsetjing kan lese at «Gud høyrde bøna hennar Lea» (1. Mos.[6], 1978/85-omsetjinga).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Theil, Rolf (9. november 2021). «enklitikon – språkvitenskap». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Ivar Aasen 1848: Det norske Folkesprogs Grammatik
  3. Dødsens i nynorskordboka
  4. Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk (1986)
  5. Ivar Aasen: Norsk Grammatikk (PDF) s 162]
  6. 1. Mos. 30,17
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.