Akvariet i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akvariet i Bergen
Tropiske fisk

Akvariet i Bergen er eit akvarium som ligg på Nordnes i Bergen. Då det opna 27. august 1960 var det det største av sitt slag i Nord-Europa. Det vart finansiert av ein lokal innsamlingsaksjon som eit folkeopplysningsprosjekt. Det vert òg brukt ein del i forsking og undervisning.

I anlegget er det meir enn 60 akvarium og tre utandørsdammar med sel, pingvinar, stør og koi. Nyleg har dei òg etablert ei tropisk avdeling med krypdyr og apar. Akvariet heldt fleire rekordar for avl og oppdrett av ymse fiskeslag, og har vorte omtala som Noregs beste pleieheim sidan så få fisk døyr av andre årsaker enn alderdom.

Til saltvasskummane vert det brukt meir enn 3 millionar liter vatn i døgnet. Dette heldt 6-7 gradar C, og vert pumpa opp frå om lag 130 meters dyp i Byfjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Akvariet i Bergen - Offisiell heimeside