Pingvinar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pingvinar |
||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Klasse: | Fuglar | |
| Orden: | Sphenisciformes | |
| Familie: | Spheniscidae | |
| Slekter | ||
Pingvinar (Spheniscidae) er ei familiegruppe med fuglar som omfattar 17 artar fordelt i 6 slekter i den biologiske ordenen Sphenisciformes. Pingvinane held til på den sørlege halvkula, dei fleste i Antarktis. Tre artar finst i den tempererte sona, og ein art lever så langt nord som Galápagos.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Pingvinar er middels store til store fuglar som veg rundt 1-40 kg og blir rundt 40-115 cm høge. Større pingvinar held lettare på varmen og er derfor meir vanlege i kalde strøk. Den største arten er keisarpingvin (Aptenodytes forsteri). Den minste arten er dvergpingvin (Eudyptula minor).
Pingvinar er tilpassa eit liv nær havet og i sterk kulde. Dei har eit tjukt varmeisolerande feittlag under huda, og kan styra blodtilførselen til kroppsdelane sine, slik at dei kan redusera nedkjøling av blodet samstundes som ikkje kroppsdelane frys.
Dei kan ikkje flyga, men er sym raskt og smidig, hjulpe av luffeaktige venger og ein glatt fjørdrakt. Eit luftlag innanfor fjørne gjer at dei flyt lettare i vatnet og held varmen. På land går eller hopper pingvinane oppreist, men kan også skyva seg framover på magen på is.
Pingvinar er særskilt gode dykkarar. Store pingvinar kan dykka ned mot djupner på 265 meter. Dei kan vera neddykka i opptil 18 minutt i strekk, og nå ein symjefart på 30-40 km/t,
[endre] Åtferd
Pingvinar lever i flokk, gjerne tusenvis saman. Dei hekker i store koloniar og kan vandra eller symja saman på store reiser som endå er lite kjente for forskarar. Dei jaktar og et sjødyr, som kril, fisk og blekksprut.
Pingvinar er sjølv byttedyr for haiar, selar og tannkvalar, særleg leopardsel (Hydrurga leptonyx) og spekkhoggar (Orcinus orca). Nokre stader kan også røyskatt og rotter truga pingvinane.
[endre] Pingvinartar
Orden Sphenisciformes, pingvinar
- Spheniscidæ, pingvinfamilien
- Aptenodytes patagonicus, kongepingvin
- Aptenodytes forsteri, keisarpingvin
- Pygoscelis adeliae, adeliepingvin
- Pygoscelis papua, bøylepingvin
- Pygoscelis antarcticus, ringpingvin
- Megadyptes antipodes, gulaugepingvin
- Eudyptula minor, dvergpingvin
- Spheniscus demersus, kappingvin
- Spheniscus humboldti, humboldtpingvin
- Spheniscus mendiculus, galapagospingvin
- Spheniscus magellanicus, magellanpingvin
- Eudyptes pachyrhynchus, skogpingvin
- Eudyptes sclateri, hornpingvin
- Eudyptes chrysolophus, gulltoppingvin
- Eudyptes schlegeli, kvitkinnpingvin
- Eudyptes chrysocome, klippehopparpingvin
- Eudyptes robustus, snarespingvin
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Pingviner» frå Wikipedia på bokmål, og «Penguin» frå Engelsk Wikipedia den 11. februar 2008.