Al Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Al Green opptrer i California i 2006.

Albert Greene (fødd 13. juli 1946) er ein USA-amerikansk soul- og gospelsongar kjend som Al Green. Han har gjeve ut til saman 29 studioalbum og selt over tjue millionar plater.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Al Green vart fødd i Forrest City i Arkansas i ein familie på ti born. Familien flytte snart til Grand Rapids i Michigan, der Green hadde resten av oppveksten sin. Han dreiv mykje med musikk allereie som liten, og var med i banda The Greene Brothers, Al Greene & The Creations og til slutt Al Greene & The Soulmates. Sistnemnte band gav ut debutplata "Back Up Train" i 1967. Songen med same namn vart ein R&B-hit.

Utover syttitalet tok musikkarrieren til Green verkeleg av innan R&B og soul-musikk. Dei mest kjende songane hans i dag er "You Oughta Be With Me", "I'm Still In Love With You", "Love and Happiness" og "Let's Stay Together" samt Take Me to the River. Han har også laga coverlåtar med suksess, t.d. av Bill Withers-låta Ain't No Sunshine, Beatles-låta Get Back og Willie Nelson si Funny How Time Slips Away.

På slutten av syttitalet vendte han tilbake til gospelrøtene sine, noko han også hadde stor framgang med. I løpet av åttiåra inntente han heile åtte Grammy-prisar for gospelplatene sine med religiøse tekstar.

I 1988 tok han til med å produsera populærmusikk att, og samarbeidde med fleire artistar, m.a. Annie Lennox. I 1994 fekk han endå ein Grammy-pris for ein duett med countrysongaren Lyle Lovett. I 1997 vart ein av songane hans, How Can You Mend a Broken Heart teken med i lydsporet til Hollywood-filmen Good Will Hunting. Det siste studioalbumet hans kom ut i 2008 og fekk namnet Lay It Down.

Heider[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til ni Grammy-prisar, har Al Green fått fylgjande heidersutmerkingar:

  • I 2002 fekk Al Green ein Grammy Lifetime Achievement Award.
  • I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone Al Green som nummer 65 på lista 100 Greatest Artists of All Time.
  • I 2004 fekk Green eit BMI-ikon på dei årlege BMI Urban Awards.
  • I 2009 fekk han endå ein Lifetime Achievement Award under utdelinga av BET Awards.
  • I 2009 blei Al Green ført inn på lista over Rockens æresgalleri i Michigan. Songen "Let's Stay Together", blei røysta til ein legendarisk Michigan-song same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]