Get Back
| «Get Back» Singel av The Beatles frå albumet Let It Be |
||
| B-side | «Don't Let Me Down» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 11. april 1969 | |
| Innspelt | 27. januar 1969 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:14 (singel) 3:07 (album) |
|
| Selskap | Apple Records | |
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | Ingen offisielle (singel) George Martin og Phil Spector (album) |
|
| The Beatles-kronologi | ||
| «Hey Jude» (1968) |
«Get Back» | «Ballad of John and Yoko» (1969) |
«Get Back» er ein song av The Beatles, hovudsakleg skriven av Paul McCartney og tilskriven Lennon/McCartney. Songen vart opphavleg gjeve ut som singel 11. april 1969 og tilskriven «The Beatles with Billy Preston».[1] Han vart seinare avsluttingssporet på Let It Be i 1970, som var det siste albumet til The Beatles før dei vart oppløyst. Singelen nådde førsteplassen i mange land, mellom anna heimlandet Storbritannia, USA, Canada, Australia, Frankrike, Vest-Tyskland, Mexico og Noreg.
Melodien voks fram under ein jam den 7. januar 1969, medan dei øvde for albumet.[2] I løpet av få minutt kom McCartney med noko tekst.
Under innspelinga vart Billy Preston med på Fender Rhodes elektrisk piano. Den endelege innspelinga er frå 27. januar 1969.
Innhaldsliste |
Medverkande [endre]
- Paul McCartney — bass, solovokal
- John Lennon — sologitar, harmonivokal
- George Harrison — rytmegitar
- Ringo Starr — trommer
- Billy Preston — elektrisk piano
Ander utgåver [endre]
Fleire andre artistar har spelt inn songen, mellom andre Amen Corner, Doris Troy, Elvis Presley, Elton John, Ike & Tina Turner, Rod Stewart, Status Quo, Al Green og Nitty Gritty Dirt Band.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7.
- Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.
- Miles, Barry (1998). The Beatles: A Diary. Omnibus Press. ISBN 0-7119-6315-0.
- Sulpy, Doug & Schweighhardt, Ray (2003). Get Back: The Beatles Let It Be Disaster. Helter Skelter Publishing. ISBN 1-900924-83-8.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 172 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ Doug Sulpy, Ray Schweighardt (2003) Get Back, s. 84 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Føregjengar «Boom Bang-A-Bang» Lulu |
Toppen av VG-lista The Beatles 6 veker, veke 20–25, 1969 |
Etterfylgjar «The Ballad of John and Yoko» The Beatles |