Soul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Soul (engelsk for sjel) er ein musikksjanger som er ei blanding av rhythm & blues og gospel. Soul hadde sitt opphav i USA på slutten av 1950-talet. Rhythm & blues (eit omgrep skapt av Jerry Wexler) er i seg sjølv ei blanding av blues og jazz og oppstod på 1940-talet hos små musikkgrupper, ofte med bruk av saksofon, som bygde på blues-tradisjonen.

Soul er først og fremst ein unik amerikansk musikksjanger og omgrepsapparatet er derfor amerikansk. Soul har stort sett sitt opphav i tre byar: Memphis, Macon og Muscle Shoals - byar som var regionale utpostar og låg langt bort fra den store plateindustrien. Her kunne artistar, låtskriverar og produsentar få sjansen til å definere si eiga rolle utfrå eigne ressursar.

Soul har vore viktig for utviklinga av funk, disco og hiphop. Moderne soulartistar har ofte element av hiphop med i songane sine.

Kjende soulartistar[endre | endre wikiteksten]

Ulike soul-sjangrar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Miller, Jim (editor) (1976). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. New York: Rolling Stone Press/Random House. (Chapter on "Soul," by Guralnick, Peter. pp. 194-197.
  • Escott, Colin. Liner notes for The Essential James Carr. Razor and Tie Records, 1995.