Alan Pascoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alan Pascoe
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. oktober 1947 (76 år)
Portsmouth
Yrke friidrettsutøvar, forretningsdrivande
Språk engelsk
Høgd 185 centimeter
Ektefelle Della Pascoe
Alan Pascoe på Commons

Alan Peter Pascoe (fødd 11. oktober 1947) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Portsmouth som spesialsierte seg i hekkeløp, fyrst på korthekken og sidan på langhekken. Han vann to EM-gull i 1974, eitt på 400 m hekk og det andre i den lange stafetten og 4x400 m med Storbritannia.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pascoe fekk sitt gjennombrot i 1969-sesongen då han tok bronsemedaljen på tida 13,9 under EM i friidrett 1969 i Aten, Eddy Ottoz frå Italia vann tevlinga på 13,5 sekundar. I 1970 forbetra Pascoe den personlege rekorden til 13,6. Han tok sølvmedaljen i friidretts-EM 1971 i Helsingfors på tida 14,1, eitt tidelssekund bak vinnaren, favoritten Frank Siebeck frå Aust-Tyskland.

Under dei olympiske sommarleikane i 1972 i München vart Pascoe utslått i semifinalane på 110 m hekk. I lag med Martin Reynolds, David Hemery, David Jenkins vann han så OL-sølv i 4 x 400 m stafett. Etter OL-sesongen valde Pascoe å satse på 400 m hekk.

Vinteren 1974 imponerte Pascoe stort då han under Samveldeleikane i Christchurch vann langhekken på 48,8 sekundar. Utover i sommarsesongen tevla han sjeldan, og utan å overbevise. I europameisterskapen 1974 i Roma slo han derimot til og erobra gullmedaljen framom den sterke franskmannen Jean-Claude Nallet med ein margin på tolv hundredels sekund; 48,82 mot 48,94. Pascoe avslutta europameisterskapen med å springe tredjeetappen for det britiske laget som vann gullmedalje i 4 x 400 m stafett, dei andre på laget var Glen Cohen, William Hartley og David Jenkins.

Pascoe avslutta friidretts-karrieren i 1978 med Samveldeleikane i Edmonton, der han vart nummer tre på langhekken.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1969 i Aten: Bronsemedalje på 110 m hekk – 13,9
  • EM 1971 i Helsingfors: Sølvmedalje på 110 m hekk – 14,1, bakom Frank Siebeck (14,0)
  • OL 1972 i München: Sølvmedalje i 4 x 400 m stafett – 3.00,4. Utslått i semifinalane på 110 m hekk (14,24 = nr13)
  • EM 1974 i Roma: Gullmedaljar på 400 m hekk – 48,82, framom Jean-Claude Nallet, samt i 4 x 400 m stafett – 3.03,3

Pascoe sine personlege rekordar er 13,79 sekundar (elektronisk tid) på 110 m hekk, sett i Edinburgh i 1972, samt 48,59 på 400 m hekk, oppnådd i 1975 i Stockholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]