Albert Bierstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Bierstadt
Storm i fjella, 1870

Albert Bierstadt (8. februar 183018. februar 1902) var ein tysk-US-amerikansk kunstnar. Han er best kjend for sine landskapsmåleri i stor skala, særleg av dei vestlege delane av USA.

[endre] Liv og gjerning

Bierstadt var fødd i Tyskland, men voks opp i USA då foreldra emigrerte dit i 1832. Bierstadt reiste tilbake til fødelandet og studerte frå 1853 i Düsseldorf under Carl Friedrich Lessing og Andreas Achenbach. Før han fór tilbake til USA i 1857, reiste han vide i Tyskland, Sveits og delar av Italia.

Sidan la han ut på fleire lange turar gjennom USA, der han henta motiv til bileta sine. Bierstadt var ikkje den fyrste kunstnaren som presenterte bilete frå den ville vesten, men for resten av det 19. hundreåret var han den viktigaste tolkaren av landskapet i det vestlege USA. Storm i fjella frå 1870 er eit av dei mest særprega måleria hans.

Bierstadt var del av den såkalla Hudson-River-skulen, ei ganske laus gruppe eller retning av likesinna målarar. Målarane la vekt på nøyaktige og detaljerte bilete i eit romantisk, nærast glødande lys, av og til kalla luminisme. Bierstadt vert også knytta til ei anna retning i US-amerikansk målarkunst, kalla for Rocky-Mountains-skulen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Bierstadt

[endre] Kjelder

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk