Albert Edelfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett (1887-90)

Albert Gustaf Aristides Edelfelt (21. juli 185418. august 1905) var ein finlandssvensk biletkunstnar. Han illustrerte mellom anna dikt av Johan Ludvig Runeberg.

Albert Edelfelt var fødd på garden Kiala i Borgå (Porvoo) i Finlnad. Han var son av den svenskfødde arkitekten Carl Albert Edelfelt og Alexandra, fødd Brandt, som var kjøpmansdotter frå Borgå.

Drottning Blanka (1877)
Portrett av Berta Edelfelt (1877), kunstnaren si syster.

I 1871 blei Edelfelt student i Helsingfors, der han studerte filologi. Han hadde også ambisjonar, og stilte ut sitt første måleri ved Den finske kunstforeninga i 1872, og fekk mykje merksemd. Året etter, som 19-åring, fekk han statsstøtte til å reisa til kunstakademiet i Antwerpen for å studera målarkunst. Han fortsette følgjande år måleristudia sine i Paris, der han blei elev av Gérôme ved École des Beaux-Arts. I 1876 vitja han Italia og i 1877 var han ei tid tilbake i Finland.

'Sommarkveld' (1883)

Tilbake i Paris med eit sterkt ønske om å bli historiemålar laga han eit av sine best kjende måleri, Drottning Blanka (1877), som illustrerer Zacharias Topelius si forteljing om dronning Blanka av Noreg og Sverige. I 1878 stilte han ut Hertig Karl vid Klas Flemings lik ved Parissalongen og i 1879 Den brinnande byn. Edelfelt gjorde det bra i Parissalongen, og fekk i 1880 medalje for måleriet Ett barns likfärd, som markerte byrjinga på ei interesse for bondeliv og friluftsmåleri. Dette gjorde han til ein banebrytar i Finland.

Edelfelt målte også portrett, til dømes Läsande parisiska (1880) og portrettet av operasongaren Aino Ackté (1901). For portrettet av Louis Pasteur (1885) vart Edelfelt løna med den franske heiderslegionens kross. Under undertrykkingstida fekk Edelfelts patriotiske verk, mellom andre Björneborgarnas marsch (1892) og illustrasjonane av Fänrik Ståls sägner stor spreiing i Finland. I 1896 målte han portrettet til tsar Nikolaj II. Det siste verket til Edelfelt vart Invigningen av Åbo Akademi 1640 for Helsingfors universitet.

Edelfelt vart vald inn til det svenske (1884), danske (1884) og det russiske kunstakademiet (1893). I 1895 vart Edelfelt vald til ordførar for den finske kunstnarforreininga.

Edelfelt gifta seg i 1888 med friherrinna Ellan de la Chapelle, og same år vart parets einaste barn, sonen Erik Edelfelt fødd. Familien flytta frå Paris til Helsingfors i 1891.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Edelfelt