Louis Pasteur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pasteur i 1878.

Louis Pasteur (27. desember 182228. september 1895) var ein fransk kjemikar og bakteriolog. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av moderne mikrobiologi. Pasteur forska på bakteriar og sjukdom, og stod bak nye vaksinar, behandlingar og metoden seinare kalla pasteurisering.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Pasteur som elev ved École Normale Supérieure.

Louis Pasteur var født i Dôle og voks opp i Marnoz og Arbois i det austfranske departementet Jura. Far hans, ein tidlegare offiser i napoleonshæren, var garvar. Pasteur utdanna seg i heimbyen, men viste større interesse for fisking og teikning enn studiane. Ei tid såg det ut som han skulle bli målar. I 1843 klarte han likevel å koma inn ved eliteskulen École Normale Supérieure i Paris.

Pasteur verka som fysikklærar i Dijon ei kort tid i 1848, men fekk deretter ei stilling som kjemiprofessor ved Universitetet i Strasbourg på bakgrunn av den banebrytande doktorgrada si om kiralitet hjå molekyl. I Strasbourg blei han kjend og trulova med Marie Laurent, dottera av universitetsrektoren. Dei gifta seg 29. mai 1849 og fekk fem ungar saman, men tre av dei døydde tidleg av tyfoidfeber. Pasteur vigde seinare mykje av livet sitt til å finna kurar mot liknande smittsame sjukdommar. Marie Pasteur var vitskapleg assistent og sekretær for mannen.

I 1854 blei Pasteur utnemnd til dekan ved naturvitskapsfakultetet ved Universitetet i Lille. I 1856 fekk han stilling som administrator og forskingsdirektør ved École Normale Supérieure, men både kollegar og elevar opplevde han som autoritær og han hadde eit vanskeleg arbeide. I 1867 sa han opp administratorstillinga, men fekk ei stilling ved Sorbonne og leiinga av eit laboratorium ved skulen.

Louis Pasteur i laboratoriet, måla av Albert Edelfelt (1854-1905).

Pasteur engasjerte seg i å finna vitskaplege løysingar på problem ved ølbryggjeria i Lille, eddikmakarane i Orléans, vindruedyrkarane i Jura og silkeormbøndene i Sør-Frankrike. Han reiste og arbeidde mykje, og det var truleg overarbeid som førte til at han fekk hjerneslag og ei mellombels lamming sist på 1860-talet. Avskaffinga av Napoleon III og monarkiet i 1870 var eit stort personleg slag for Pasteur, som var sterkt knytt til keisardynastiet.

Pasteur fekk fleire prisar og eit godt omdøme for det banebrytande arbeidet sitt. I 1881 blei han medlem ved det franske vitskapsakademiet. Assemblée nationale gav han ein årleg gasje for å ha utført viktige arbeid med stor tyding for den franske økonomien. I 1885 nekta han å stilla til val til Chambre des députés (det dåverande franske underkammeret), sjølv om han truleg ville blitt røysta inn av takksame bønder han hadde redda buskapen til. Institut Pasteur, med føremål å finna ein kur for rabies, blei oppretta i 1887. Pasteur var då så svekka av sjukdom at han aldri kom til å leia eller arbeida der. Pasteur døydde i 1895, og blei gravlagd i krypten under instituttet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Pasteur gjorde fleire vitskaplege oppdagingar. I eit tidleg arbeid demonstrerte han kiralitet hjå molekyl, det vil seia at desse finst i ei «venstrehendt» og ei «høgrehendt» utgåve. Han oppdaga anaerobiose, at nokre organismar kan utvikla seg og leva utan oksygen. Gjennom forsøk bidrog han også til å avvisa teorien om spontan generasjon av liv, og bana vegen for den moderne teorien om bakteriar som grunnlag for sjukdom. Pasteur hjelpte fransk landbruk og industriar, som ølbrygging, vinmaking og silkeproduksjon, og leita etter kurar for sjukdommar hjå dyr og menneske. Han arbeidde mykje med gjæring og parasittar, og laga tidlege vaksinar.

Kiralitet[endre | endre wikiteksten]

Teikning av vinsyrekrystall med same kjemiske samansetjing, men ulik oppbygging i rommet.

Tidleg i karrieren, i 1848, undersøkte Pasteur kvifor vinsyre av organisk opphav var optisk aktiv medan syntetisk laga vinsyre ikkje var det, sjølv om stoffa hadde nøyaktig same samansetjing. Ved å studera krystall av syra under mikroskop, kunne han sjå at dei frå syntetisk vinsyre fanst som spegelbilde av kvarandre. Ved å handsortera dei to ulike formene fekk han fram éi optisk aktiv løysing som roterte polarisert lys med klokka, og éi som roterte det mot klokka. Med dette arbeidet grunnla Pasteur vitskapsgreina stereokjemi.

Gjæring og pasteurisering[endre | endre wikiteksten]

I tida då Pasteur byrja verka var det uklart korleis prosessar som gjæring og rotning gjekk føre seg. Nokre meinte gjær var ein slags katalysator, andre at gjæren var eit biprodukt av gjæringa. Éin teori sa at slike organismar oppstod av seg sjølv, ein annan at mikroorganismar måtte tilførast frå noko anna.

I 1849 gjorde Jean-Baptiste Biot Pasteur merksam på at amylalkohol var optisk aktive. Pasteur meinte det var lite sannsynleg at dette kom av at alkoholmolekyla «arva» eigenskapane til sukkera dei blei laga av, og at det meir truleg var levande celler som laga asymmetriske molekyl.

I 1856 fekk Pasteur i oppdrag av bryggjaren Bigot i Lille å finna ut kvifor raudbetar som gjæra av og til produserte mjølkesyre i staden for den ønska alkoholen. Undersøkingar med mikroskop viste at alkoholen berre inneheldt runde gjærceller, medan dei surna produkta også hadde små stavforma celler. Frå dette kunne Pasteur slutta at det var gjær som omdanna sukker til alkohol, medan andre mikroorganismar – her bakteriar – kunne gjera brygget surt. Etter å ha funne fram til at mikroorganismar gjorde at ulike slag drikke blei dårlege, kunne Pasteur finna fram til motmiddel.

Illustrasjon av eit Pasteur-eksperiment. Væske som er verna av eit langt glasrøyr blir ikkje utsett for mikroorganismar, medan væske som står open blir det.

Framleis visste ein ikkje kvar mikoorganismane kom frå. For å testa teorien om spontan generasjon gjorde Pasteur forsøk der han kokte næringsrik buljong og lét han vera open mot luft, men hindra andre stoff i å koma inn i flaska, ved hjelp av filter eller eit langt, bøygd røyr. Forsøket viste at ingenting tok til å veksa av seg sjølv i den steriliserte buljongen. Sporar til liv måtte tilførast utanfrå, til dømes frå lufta. Pasteur blei med dette ein av grunnleggjarane av mikrobiologi.

Pasteur fann no fram til praktiske måtar å bruka den nye kunnskapen på. I Orléans studerte han prosessen som gjorde vin til eddik, og fann fram til at det var visse bakteriar som danna eddiksyre. Om ein brukte reine kulturar av desse kunne ein raskt produsera eddik av god kvalitet. Under forsøka fann Pasteur også ut av bakteriane ville døy om dei blei utsette for temperaturen 65° C.

I 1864 fekk han i oppdrag av Napoleon III å hjelpa vindyrkarane mot at vinen blei sur under legginga. Pasteur viste at ein kunne drepa bakteriar ved å varma vinen til 57° C. Etter at vinsmakarar hadde slått fast at smaken ikkje var blitt forringa, kunne ein ta i bruk framgangsmåten pasteurisering for å sikra vin mot å bli dårleg. Pasteur tenkte aldri på å pasteurisera mjølk, men dette er i dag ein svært vanleg prosess.

Pasteur studerte også innverknaden av oksygen på gjærceller. Han demonstrerte også noko ein hadde hatt mistanke om, at det fanst bakteriar som kunne leva utan oksygen. Han kalla desse anaerobe, 'utan luft', og kalla dei som treng luft aerobe. Han oppdaga også Pasteur-effekten, der gjæring blir forhindra av oksygentilførsel fordi gjær veks på ulike måtar med og utan luft.

Sjukdomsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Pasteur studerte livssyklusen til silkeormar for å hjelpa europeisk silkeindustri mot sjukdom.

Silkeormar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1865 til 1869 arbeidde Pasteur med sjukdommar hjå silkeormar. Alle silkeproduserande land bortsett frå Japan opplevde på denne tida at silkeormar døydde eller ikkje spann kokongar, og hadde store tap. Gjennom fleire opphald i Alès sør i Frankrike studerte han den nye sjukdommen pébrine og den tidlegare kjende flacherie. Sjølv om Pasteur gjorde fleire feilsluttingar i arbeidet – han rekna dei to sjukdommane for å vera den same, og avviste at han kunne vera forårsaka av parasittar slik andre forskarar hadde føreslått – klarte han å finna løysingar mot begge. Pasteur skilde etterkvart mellom den dysenteriliknande flacherien og andre infeksjonar. Han fann også ut at denne sjukdommen kunne ha ulike årsaker – mikrobe eller ikkje-mikrobe. Den førstnemnde forma er blitt kjend som «flacherie de Pasteur» eller «ekte flacherie».[1]

Pebrin gav seg ofte utslag i svarte flekkar og frie celler. Pasteur spora desse cellene til alle livsstadia til silkeormen. I eit forsøk gav han også slike celler til ein frisk silkeorm, som så utvikla sjukdom. Han merka seg også at levekår, som temperatur, luft- og fôrkvalitet, reinsemd og skiljing av larvane hadde noko å seia for graden av sjukdomsutvikling, og byrja dermed å sjå samanhengen mellom miljø og sjukdom.

Ved å undersøka silkeormane i mikroskop og berre bruka egg frå dei som ikkje hadde slike teikn, fekk han fram sjukdomsfrie insekt. Flacherie har ikkje ytre teikn, men gjer silkeormane sløve slik at dei ikkje spinn kokongar, som gjev silken. Pasteur fann råka larvar ved å ta ut dei som var trege til å klatra på lauv før dei skulle spinna kokongar. Ved å læra silkeormdyrkarane korleis dei kunne eliminera sjuke dyr hjelpte han den europeiske silkeindustrien på beina igjen.

Pasteur vaksinerer sauer i Pouilly-le-Fort. Illustrasjon frå 1881.

Bakteriesjukdommar i dyr og menneske[endre | endre wikiteksten]

I 1877 tok Pasteur fatt på vidare studium av sjukdommar i husdyr og menneske. Han studerte miltbrann (anthrax), i husdyr, og gjorde forsøk som viste at denne blei forårsaka av bakteriar. Så retta Pasteur ei tid arbeidet mot hønsekolera. I eit forsøk der hønene skulle infiserast med kolerabakteriar blei det ved ein feil gjeve veikna bakteriar (assistenten Charles Chamberland hadde teke ferie og gav hønene ein månad gamle bakteriekulturar). I staden for å døy av sjukdommen blei hønene berre litt sjuke, og friskna så til. Pasteur gjetta at dei ville ha utvikla immunitet, slik dyr som hadde overlevde miltbrann gjorde det, og dette viste seg å vera rett. Pasteur utvikla no også ein miltbrannvaksine på same vis. Her nytta han eigentleg ein metode utvikla av rivalen sin, Jean-Joseph-Henri Toussaint, men hevda offentleg at han hadde svekka miltbrannbakterien ved å utsetja han for oksygen. Først etter å ha fått patent på vaksinen lukkast Pasteur i å framstilla han på denne måten. Påstanden om ein kur blei først møtt med skepsis, men eit forsøk med vaksinerte og uvaksinerte dyr viste nytten av vaksinen. Denne metoden å vaksinera på, der ein sjølv laga svekka bakteriar, var ny. Tidlegare hadde ein brukt naturleg førekomande svakare smittestoff til dette, som kukoppar mot koppar.

Streptococcus pyogenes-bakteriar, som mellom anna kan føra til barselfeber, under eit mikroskop.

Pasteur si forsking på mikroorganismar som sjukdomsårsaker hadde også innverknad på korleis ein forstod infeksjonar av menneske. Han studerte barselfeber, som var svært dødeleg på denne tida, og identifiserte streptokokkbakterien som forårsaka sjukdommen. Han oppdaga også stafylokokkkar. Pasteur meinte ein kunne eliminera bakteriar gjennom oppvarming, bruk av filter og kjemiske middel. Han oppfordra også legar til å vaska hendene hyppig og berre bruka utstyr som var blitt sterilisert, til dømes gjennom oppvarming, og ikkje bruka same utstyret for ulike pasientar. Den britiske kirurgen Joseph Lister blei inspirert av Pasteur til å bruka antiseptiske middel til å vaska sår og kirurgisk utstyr, noko som kraftig reduserte infeksjonar ved inngrep. Medan reinsemd innan medisinen var blitt føreslått tidlegare, til dømes av Ignaz Semmelweis, hadde Pasteur nok fagleg tyngde til at ein lytta til han. Som kjemikar blei han likevel ikkje heilt godteken av legestanden.

Pasteur og Ilja Metsjnikov saman med barn behandla for rabies.

Rabies[endre | endre wikiteksten]

Pasteur byrja deretter arbeid med hundegalskap, rabies. Denne sjukdommen blir forårsaka av eit virus, som er mykje mindre enn bakteriar, og som ingen til då hadde sett. Ein visste dermed ikkje eingong kvar smittestoffet sat. Pasteur si forsking slo fast at mikroorganismane som forårsaka sjukdommen hovudsakleg sat i sentralnervesystemet. I 1885 fekk han utvikla ei veik form av viruset ved å infisera kaninar og deretter tørka det råka nervevevet deira med Émile Roux. Same året utførte han dei første forsøka på menneske som var blitt tekne til sjukehus med mistanke om rabies. Pasteur publiserte ingenting om dei to første forsøka, der han vaksinerte ein mann ved namn Girard, som ikkje utvikla rabies, men som kanskje heller aldri var smitta, og ei jente, Julie-Antoinette Poughon, som døydde dagen etter, truleg på grunn av tidlegare utvikla rabies. Ein månad seinare, i juli, kom niårige Joseph Meister til sjukehuset etter å ha blitt skambiten av ein hund. Etter overvegingar valde Pasteur å prøva vaksinen på han. Meister blei frisk, og Pasteur blei hylla som redningsmannen frå den frykta sjukdommen.

Det er ikkje heilt sikkert at Pasteur redda Meister frå rabies. Det finst ikkje prov for at hunden hadde sjukdommen, og bitta trengde heller ikkje ha smitta om han hadde hatt det. Vaksinen hadde likevel verka – då Pasteur injiserte Meister med rabiessmitte som ville vore dødeleg, utvikla han heller ikkje rabies. Rabiesvaksinen blei internasjonalt utbreidd, brukt av russarar og britar, og noko seinare av meir skeptiske tyskarar.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Pasteur blei hylla som eit geni i samtida si og seinare, men har også fått kritikk. I høve til seinare etiske forskingsreglar gjorde han grove feil då han prøvde ut vaksinar på menneske utan å ha gjort førebuande dyreforsøk først. Teknikken med å først vaksinera og deretter utsetja pasienten for smitte er også å rekna for dårleg medisin. Seinare forsking har også vist at Pasteur gjorde fleire teoretiske feil. Han avviste mellom anna at ein kunne bruka daude smittestoff til å vaksinera med. Alt han tok fatt på førte heller ikkje til løysingar. Eit komitearbeid med kolera i 1865 førte ikkje fram fordi komitemedlemmene (Pasteur, Bernard og Deville) leita etter smitte i lufta, medan kolerabakterien blir overført gjennom vatn, noko som allereie var blitt føreslått.

Pasteur har fått æra for oppdagingar andre hadde gjort før han. Stereokjemi bygde på isomerarbeidet til Berzelius og Mitscherlich, mikrobiologi bygde på gjærstudiane til Cagniard-Latour, Davaine hadde føreslått mikoorganismar som sjukdomsspreiarar, medan Jenner sjølvsagt var opphavsmannen til moderne vaksine. Pasteur hadde få originale, «geniale» idear, men utførte likevel ei viktig oppgåve ved å systematisera det som var kjend og føreslått og deretter setja teoriane ut i livet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(Ufullstendig)

Verk[endre | endre wikiteksten]

Alle utgjevingane til Pasteur er elektronisk tilgjengelege ved det franske nasjonalbibliotektet.

Utvekslingar mellom Pasteur og Det franske vitskapsakademiet er også tilgjengelege som Comptes rendus de l’Académie des sciences.

  • Louis Pasteur, Écrits scientifiques et médicaux; choix, présentation et notes par André Pichot, Paris, Flammarion, 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Louis Pasteur
Wikisource

Originaltekst av Louis Pasteur ved Wikisource (fr).