Alberto Giacometti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alberto Giacometti. Photo Annette Giacometti
Verka v Giacometti på baksida av sveitsisk hundrefranc-setel, 1998

Alberto Giacometti (10. oktober 190111. januar 1966) var ein sveitsisk, modernistisk bilethoggar, målar og grafikar, som frå 1922 i hovudsak budde og arbeidde i Paris. Han besøkte jamnt heimstaden i fjelldalen Bergell, for å treffe familien og der han var kunstnarisk aktiv. Giacometti var mellom dei viktigaste bilethoggarane i det 20. hundreåret. Målaren Giovanni Giacometti var far hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Giacometti var fødd i Borgonovo i dåverande Stampa kommune i kantonen Graubünden. Vinteren 1919-20 tok han utdanning som bilethoggar i Genève, dei neste to åra gjekk han i lære i Italia. I 1922 busette hans seg i Paris. Frå 1926 var han mykje oppteken av korleis ein kunne abstrahere menneskekroppen, noko som i 1930 førte han over i surrealismen. Han byrja arbeide med material som streng, tau og glas.

Verk av Giacometti er påverka av både kubismen, surrealismen og av filosofiske spørsmål om det å vere menneske, samt av eksistensialismen og fenomenologien. Kringom 1935 slutta han med sine surrealistiske verk, vigde seg i staden til å måle komposisjonar med figurar. Mellom 1938 og 1944 var figurane maksimalt sju centimeter store. Dei var meint å reflektere avstanden, slik han hadde sett og oppfatta modellen.

I åra etter andre verdskrigen laga Giacometti sine mest kjende verk; i dei ekstremt lange, slanke skulpturane synte han fram si nye erfaring av avstand. Denne erfaringa oppstod etter eit kinobesøk, han vart då merksam på skilnaden mellom hans måte å sjå på og den måten fotografiet og filmen «såg på». Med sin subjektive måte å sjå på, skapte han former som ikkje er sant kroppslege avbildingar.

Giacomettis måleri var opphavleg ein mindre del av verka hans. Etter 1957 fekk det figurative måleriet ein likeverdig plass med hans arbeid med skulpturar. Dei nærast einsfarga måleria han laga i sine siste år kan ikkje reknast til den modernistiske stien.

Han døydde i Chur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Alberto Giacometti på ein sveitsisk hundrefranc-setel, 1998
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alberto Giacometti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store Norske Leksikon.