Giovanni Giacometti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selbstporträt (Sjølvportrett), 1909/10
Capolago mit Blick auf den Corvatsch (Capolago med utsyn mot Piz Corvatsch) ca 1926

Giovanni Giacometti (7. mars 186825. juni 1933) var ein sveitsisk kunstmålar og grafikar. Saman med venen Cuno Amiet var han den leiande postimpresjonisten i sveitsisk kunst. Han var far til både Alberto, Diego og Bruno Giacometti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Giacometti var det fjerde av åtte born i ein familie i Stampa. Han studerte kunstmåling 1886-87 i München, og 1888-91 saman med Cuno Amiet his William Adolphe Bouguereau og Joseph Nicolas Robert- Fleury ved Academie Julian i Paris. I sine tidlege år var han særleg påverka av målaren Giovanni Segantinie, som frå 1894 om somrane tok han med til landsbyen Majola. Han mottok sterke inntrykk frå den fauvistiske kunstrørsla og -stilen, og av kunstnarane Cuno Amiet, Paul Cezanne og Vincent van Gogh. I 1900 braut han vekk frå Segantinis stil og byrja ta etter den postimpresjonistiske stilen i fransk målarkunst.

Kring 1904 budde Giacometti med familien sin i fjellandsbyen Borgonovo i Bergell. Seinare flytta dei til eit nærliggande hus i Stampa, der Giacometti brukte låven til atelier. År 1908 vart Giacometti, saman med nokre andre kunstnarar, invitert av kunstnargruppa Die Brücke til å stille ut arbeida sine i Dresden. I åra mellom 1906 og 1911 måla Giacometti i ein ekspressiv stil.

Giacomettis verk består av impresjonistiske landskapsmåleri og portrett av familien og lokale personlegdomar, som målaren Michel-Elvezia Baldini. Nokre av måleria hans er forma i ein symbolistisk stil. Arbeida hans er representert i dei fleste sveitsiske muséa.

Han døydde i Glion i 1933.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giovanni Giacometti