Albrecht Altdorfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albrecht Altdorfer

Sjølvportrett
Fødd 1480
Regensburg, Altdorf bei Nürnberg
Død

12. februar 1538 (57 år)
Regensburg

Yrke kunstmålar, arkitekt, miniatyrmaler, grafikar, kobberstikker, byggmeister
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Signatur
Albrecht Altdorfer på Commons

Albrecht Altdorfer (ca. 148012. februar 1538) var ein tysk målar, koparstikkar og byggmeister under renessansen. Han forma religiøse og mytologiske landskap, måleria hans er meir kjende for si skjønnheit enn for motiva. Altdorfer er såleis kanskje den fyrste eigentlege landskapsmålaren.

Saman med Wolf Huber var han den leiande innan den såkalla Donau-skulen i det sørlege Tyskland. Altdorfer og Albrecht Dürer vert rekna som grunnleggjarane av forma kalla Nürnberger Kleinmeister. Han var kanskje fødd i Altdorf bei Landshut eller i sjølve Regensburg, der han døydde.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Kristi oppstode', 1518
'Aleksanderslaget', 1529

Altdorfer fekk borgarskap i Regensburg i 1505. I 1517 vart han, som mellom anna hadde arbeidd for keisar Maximilian I, vald til medlem av byrådet i Regensburg. Her var han 21. februar 1519 med på å gjere vedtak om at jødane i Regensburg skulle forvisast frå byen. I bydelen der jødane hadde budd, vart pilegrimskyrkja „Zur Schönen Maria“ (=Til Vakre Maria) reist. Til denne kyrkja laga Altdorfer seinare fleire tresnitt, måla kyrkjefana mm.

I 1526 vart Altdorfer medlem av byrådet i Regensburg og by-byggmeister. I denne stillinga bygde han mellom anna eit slakteri i 1527 og forbetra festningsanlegga kring byen i 1529/30. 15. september 1528 avviste han å verte vald til borgarmeister, for å kunne fullføre eit oppdrag for hertug Wilhelm IV av Bayern.

År 1533 skreiv Altdofer og 14 andre rådsmedlemer under på eit skriv der dei bad om ein protestantisk predikant. Som utsending frå byen Regensburg reiste Altdorfer to år seinare til Wien og Ferdinand I for å overlevere byen sitt orsakingsskriv til keisaren, då Regensburg gjennom både politiske og religiøse intrigar hadde falle i unåde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste datering på Altdorfers teikningar og måleri er frå 1506. I dag er det særleg to av bileta hans som er kjende. Fyrst er det Sebastiansaltaret i Stift St. Florian ved Linz frå tida 1509 til -18, med sine dramatisk-manieristiske scenebilete, samt Aleksanderslaget frå 1528-29, som han laga på oppdrag frå hertug Wilhelm IV av Bayern. Biletet viser Aleksander den store i kamp mot persarkongen Darius i slaget ved Issos i år 333 føre Kristi fødsel.

Dei fyrste reine landskapsmåleria og -teikningane er frå 1522. Altdorfer var den fyrste europeiske målaren som nytta landskapet som sitt eigentlege og sjølvstendige tema. Sjølv i hans religiøse måleri og altarbilete framstår menneska einast som rekvisittar i landskapsmåleriet. Han skildra lyset med glødande fargar og var den fyrste tyskaren som måla landskapsbilete utan figurar.

Dei grafiske verka hans omfattar ikring 200 blad, flest tresnitt og koparstikk, men òg nokre raderingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albrecht Altdorfer