Nürnberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nürnberg
Nuremberg Frauen Lorenz Rathaus v Burg f n.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Nürnberg
Nürnberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Mittelfranken
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

186,38 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

500 132
  2 683/km²
Koordinatar 49°27′0″N 11°5′0″EKoordinatar: 49°27′0″N 11°5′0″E
Høgd over havet 302 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 90000-90491
Telefon-retningsnummer 0911
Bilnummer N
Heimeside: www.nuernberg.de

Nürnberg (engelsk, fransk og spansk Nuremberg) er ein by sør i Tyskland i delstaten Bayern og regionen Mittelfranken. Han ligg ved elva Pegnitz og Rhinen-Main-Donau-kanalen, om lag 170 km nord for München. I 2007 var folketalet akkurat 500 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Frå 1050 til 1571 voks byen kraftig på grunn av plasseringa si langs ei av dei viktige handelsrutene. Han vert ofte kalla den uoffisielle hovudstaden i Det tysk-romerske riket, særleg fordi Reichstag og det kongelege hoffet hadde møter i Nürnberger Burg. Reichstag i Nürnberg vart ein viktig del av styret av riket. I 1219 vart Nürnberg ein fri keisarby under Keisar Fredrik II[1] Nürnberg vart snart, i lag med Augsburg, ein av dei to viktigaste handelssentera på ruta frå Italia til Nord-Europa. Nürnberg er kjend for jernjomfrua, ein frykta torturreiskap i mellomalderen. I 1298 vart jødane i byen skulda for å ha vanære nattverden og 698 vart drepen i ei av dei mange Rintfleisch-Pogrom-hendingane. Bak massakren i 1298 låg òg eit ynskje om å slå saman dei nordlege og sørlege delane av byen, som var delt av elva Pegnitz. Jødar hadde slått seg ned i det flaumtruga området, men leiarane i byen forstod at dette sentrumet i byen var svært viktig for vidare utvikling. Derfor måtte den jødiske folkesetnaden bort. I dette området ligg i dag bymarkedet Frauenkirche og Rathaus (rådhuset).

Tidleg moderne alder[endre | endre wikiteksten]

Hl. Geistspital, Heilage and sjukehus

Nürnberg blømde kulturelt på 1400- og 1500-talet og vart sentrum for den tyske renessansen. I 1525 aksepterte Nürnberg reformasjonen, og i 1532 vart den religiøse freden i Nürnberg signert her, som gav lutheranarane viktige konsesjonar. I 1632 under trettiårskrigen vart den keisarlege generalen Albrecht von Wallenstein omleira av kong Gustav II Adolf av Sverige i omleiringa av Nürnberg. Byen opplevde ein nedgang etter krigen og vart først ein viktig by igjen på 1800-talet då han voks til eit industrisenter. På byrjinga av 1800-talet var Nürnberg nesten konkurs. I 1806, då Det tysk-romerske riket formelt vart oppløyst, vart Nürnberg ein del av Bayern. Den bayerske staten tok over gjelda til byen og garanterte for tilbakebetaling. Den første tyske jernbanen, frå Nürnberg til den nærliggande Fürth, vart opna i 1835.

Nazi-perioden[endre | endre wikiteksten]

Nazistane sin partikongress i Nürnberg i 1935

Nürnberg var ein viktig by for Nazi-Tyskland. Sidan byen hadde vore viktig for Det tysk-romerske riket og hadde ei plassering sentralt i landet, valde nazistpartiet å halde sine partikongressar her, dei såkalla Reichsparteitag. Partikongressane vart halde her kvart år frå 1927 til 1938. Etter Adolf Hitler kom til makta i 1933 vart desse kongressane store propagandahendingar, eit senter for antisemittisme og nazisitisk retorikk. Under kongressen i 1935 gav Hitler ordre til Reichstag om å vedta dei antisemittistiske nürnberglovane, som oppheva tysk statsborgarskap for alle jødar. Fleire føresetnadar vart oppretta for desse møta, men nokre vart aldri ferdigstilt. I dag kan ein sjå mange døme på nazistisk arkitektur i byen. Byen var òg heimstad for den nazistiske og propagandistiske Julius Streicher, som gav ut Der Stürmer.

Under den andre verdskrigen var Nürnberg hovudkvarter for det militære distrikitet Wehrkreis og ein viktig by for produksjon av material til fly, ubåtar og stridsvogner. Ein underavdeling av Flossenbürg konsentrasjonsleir låg her og det var omfattande bruk av slavearbeid[2] Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt frå 1943 til 1945. 2. januar 1945 var mellomaldersentrumet systematisk bomba av Royal Air Force og U.S. Air Force, og om lag 90 % vart øydelagd på berre ein time. 1 800 innbyggjarar mista livet og 100 000 vart heimlause. I februar 1945 følgde fleire åtak. Totalt mista 6 000 innbyggjarar frå Nürnberg livet under desse bombetokta. Byen vart bygd opp att etter krigen, til ein viss grad slik han hadde sett ut før krigen, og fleire mellomalderbygningar vart rekonstruert.

Dei sikta for retten i Nürnbergprosessen

Mellom 1945 og 1949, vart dei tyske leiarane involvert i Holocaust og andre krigslovbrot stilt for ein domstol i Nürnbergrettargangane. Sovjetunionen ville at rettsakane skulle finne stad i Berlin, men Nürnberg vart vald av fleire årsaker:

  • Han låg i den amerikanske okkupasjonssonen
  • Nürnberg Justizpalast hadde god plass og var stort sett inntakt (ein av få bygningar i byen). Eit stort fengsel var òg ein del av komplekset.
  • Sidan Nürnberg hadde vore byen der nazistane hadde sine partikongressar var det ein symbolsk verdi i å døme dei same involerte her.
  • Ein vart einige om at Berlin skulle verte sete for den internasjonale krigsforbrytardomstolen, og at berre den første av rettsakene skulle finne stad i Nürnberg. På grunn av den kalde krigen vart det ikkje halde slike rettsaker i Berlin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nürnberg

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Nuremberg Katolsk leksikon
  2. Christine O'Keefe.Concentration Camps.www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html