Aldeburgh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aldeburgh

The Moot Hall
The Moot Hall
Plassering
Aldeburgh is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Suffolk
Distrikt Suffolk Coastal
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 793
Koordinatar 52°9′″N 1°36′″EKoordinatar: 52°9′″N 1°36′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer IP15
Telefon-retningsnummer 0 1728
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aldeburgh

Aldeburgh er ein by i Suffolk i England. Han ligg ved, og har namn etter, elva Alde. Fortet som var opphavet til den andre delen av namnet, burgh, har som ein stor del av tudorbyen forsvunne i havet på grunn av erosjon.

1500-talet var Aldeburgh ei viktig hamn, og hadde stor skipsproduksjon. To av skipa til Francis Drake, «Greyhound» og «Pelican» (sistnemnde fekk seinare namnet «Golden Hind») vart bygd der. I 1608 skal «Sea Venture», flaggskipet til Virginia Company, ha vorte bygd i Aldeburgh. Byen møtte nedgangstider då Alde mudra til slik at større skip ikkje lenger kunne segle på elva. Aldeburgh gjekk over til å vere ein fiskarlandsby inntil 1800-talet, då staden byrja å tiltrekke seg turistar. Mange av bygningane der er frå perioden då turismen tiltok.

Moot hall i Aldeburgh

Aldeburgh sin moot hall er ein bindingsverksbygning som har vorte brukt til byrådsmøte i meir enn 400 år. Han rommar no òg eit lokalt museum. Byen har òg eit martellotårn med ei unik form.

Like ved byen, i landsbyen Snape, blir det kvart år halde ein festival for klassisk musikk i kulturbygningen Snape Maltings. Aldeburghfestivalen vart grunnlagd i 1948 av Benjamin Britten, Eric Crozier og Peter Pears. Britten og Pears døydde i Aldeburgh i høvesvis 1976 og 1986.

Diktaren George Crabbe vart fødd i byen i 1754, og Aldeburgh inspirerte dikta hans «The Village» og «The Borough».

Aldeburgh var den første byen i Storbritannia som valde ein kvinneleg borgarmeister; Elizabeth Garrett Anderson vart valt i 1908. Byen var eit valdistrikt for parlamentsvalg frå 1571, med to representantar. Berre delar av innbyggjarane, Freemen, hadde røysterett, og han vart rekna som ein roten valkrins. Under reforma i 1832 mista han begge representantane, og vart innlema i ein større krets.

Stranda fekk i 2005 blått flagg. Rett sør for han ligg Orford Ness, som er ein populært camping- og fiskestad og kan nåast via ein tursti frå Aldeburgh.

Rett nord for byen, nær Leiston, ligg Sizewell atomkraftverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]