Alfapartikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein alfapartikkel (α-partikkel) er ein atomkjerne beståande av to proton og to nøytron, som kjernen i heliumatomet. I samband med kjernefysisk spalting (fisjon) sendast det ofte ut alfapartiklar (alfastråling) saman med betapartiklar (betastråling) og gammastråling (særs kortbølgja elektromagnetisk stråling). Direkte alfastråling har liten gjennomtrengingskraft og er difor ganske ufarleg utanfor kroppen, men partiklane er kraftig ioniserande og blir skadelege for bronkiar og lunger ved innanding.

Partikkelen har ladning 2 e og masse 4,001506 u. Partikkelen vart oppdaga i 1903 av Ernest Rutherford som partikkel i den minst gjennomtrengande delen av den radioaktive strålinga, dei såkalla alfastrålene. Seinare viste Rutherford at partiklane var identiske med dobbelt ioniserte heliumatom, dvs. med heliumkjernen 4He++.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

?