Alfiós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfiós
Αλφειός
Utspring Megalópoli i Arkadía
Munning Det joniske havet
Land i nedslagsfelt Hellas Hellas
Lengd 110 km

Alfiós (gresk: Αλφειός), òg kalla Alpheus, Alpheios, Alfeiós, er ei elv på Peloponnes i Hellas. Ho har sitt utspring i Megalópoli i periferieininga Arkadía. Elva renn forbi Olympia og munnar ut i Det joniske havet i Ilía nær Pýrgos. Elva renn gjennom periferieiningane Arkadía og Ilía og er den lengste elva på Peloponnes med ei lengd på 110 km.

Elva har kjelde nær Voúrvoura sentralt i Arkadía, og renn så mellom Leondári og Megalópoli i ein skogkledd dal. Ho renn sør for Karýtena, nord for Andrítsena og i om lag 15-20 km dannar ho prefekturgresna mellom Ilía og Arkadía. Ho renn seinare framom Olympia og gjennom Ilía resten av lengda hennar før ho munnar ut i Det joniske havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]