Alfred Des Cloizeaux
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Louis Olivier Legrand Des Cloizeaux (17. oktober 1817–6. mai 1897) var ein fransk mineralog og professor ved det naturhistoriske museumet i Paris.
Den største innsatsen hans var innføringa av optiske undersøkingar i mineralogien. Des Cloizeaux gjorde mange reiser, mellom anna til Island der han observerte eit vulkanutbrot frå Hekla i 1845.