Mineralogi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mineralogi
Quartz oisan.jpgCorundum-215248.jpg
Améthyste2 (Brésil).jpgAchat 1.jpg
Azurite-velvet-beauty.jpgThe Hope Diamond - SIA.jpg
Frå venstre til høgre, øvst: kvarts og korund; i midten: ametyst og agat; nedst: azuritt og Hope-diamanten, rekna for å vere den mest kjende diamanten i verda.

Mineralogi er læra om kjemien, krystallstrukturen og fysiske (inkulsive optiske) eigenskapar til mineral. Studiar innan mineralogi omfattar prosessar knytt opphav og danning av mineral, klassisering av mineral, geografisk fordeling i tillegg til deira bruk.

Moderne mineralogi kan oppfattast som eit fleirfagleg felt av kjemi, fysikk, krystallografi og geologi, og då særskild petrologi og geokjemi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege undersøkingar av mineral byrja alt hos dei greske filosofane, som Theofrastos. Plinius gav eit oversyn over kjennskapane romarane hadde til mineral, som hovudsakleg er basert på eldre kjelder, og namn som elektrum og malakitt skriv seg frå han.

Dei første eigentlege skiftane om mineralogi kom i mellomalderen, skrivne av B. Valentinus og G. Agricola. På denne tida kom nemningar som kvarts, spinell, blende, kis, glans, spat og mange fleire. Mineralogien hadde ein jamn framgang på 1700-talet, særleg med svenske og tyske vitskapsfolk.

analytisk kjemi, krystallografi, krystallfysikk og fysikalsk kjemi utvikla seg, blømde òg mineralogien. På 1900-talet har ei viktig utvikling av faget vore nytta av røntgenmetodar til å avgjere strukturen til minerala. Ein har òg nytta eksperimentelle undersøkingar der ein nyttar høge trykk og temperaturar, i tillegg til nye isntrumentelle analysemetodar ved hjelp av mikrosonde og elektronmikroskop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Mineralogi. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/mineralogi.