Alphen aan den Rijn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alphen aan den Rijn
Alphen aan den rijn huizen langs de oude rijn.png
Flagget til Alphen aan den Rijn Byvåpenet til Alphen aan den Rijn
Flagget til Alphen aan den Rijn Byvåpenet til Alphen aan den Rijn


Plassering
Plassering av  Alphen aan den Rijn
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Zuid-Holland
Borgarmeister Nico Schoof
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

57,68 km²
  55,06 km²
  2,61 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

71 545
  1 299/km²
Koordinatar 52°8′″N 4°39′″EKoordinatar: 52°8′″N 4°39′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.alphenaandenrijn.nl


Alphen aan den Rijn er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg mellom byane Leiden og Utrecht ved elva Oude Rijn (Gamle Rhinen), der elva Gouwe forgreinar seg. Ruinane av ei gammal romersk festning ligg i byen.

Kommunen Alphen aan den Rijn inkluderer òg tettstadane Aarlanderveen og Zwammerdam. Byen ligg i det som vert kalla «det grøne hjartet» av Nederland, som er eit noko mindre folkesett område i storbyområdet Randstad.

Namnet Alphen kjem truleg frå den gamle romerske festninga Albanianae, som tyder «busetnaden ved det kvite vatnet».

Ridderhof[endre | endre wikiteksten]

Laurdag 9. april 2011 drap den nederlandske 24-åringen Tristan van der Vlis tre kvinner og tre menn og seg sjølv på kjøpesenteret Ridderhof. Han skaut med ein maskinpistol mot folkemengda inne på senteret. Til saman døyde 7 personar og 16 blei skada. [2] [3] [4] [5] [6] [7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alphen aan den Rijn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]