Oude Rijn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva med same namn i Gelderland i Nederland, sjå Oude Rijn i Gelderland
Oude Rijn
Oude Rijn i Leiden.
Oude Rijn i Leiden.
Utspring Leidse Rijn
Munning Nordsjøen ved Katwijk
Land i nedslagsfelt Nederland
Lengd 52 km
Oude Rijn -

Oude Rijn («Gamle Rhinen») er ei grein i Rhindeltaet i Utrecht og Zuid-Holland i Nederland. I dag er ho 52 km lang.

I romartida var dette hovudleia til Rhinen og utgjorde den nordlege grensa i Romarriket. I mellomalderen vart ho nytta til elvetransport og det går ein trekkveg langs store delar av elva og fleire stykke av denne har vorte oppgradert til vegar gjennom tidene. Elva mudra til i løpet av mellomalderen og var ikkje lenger viktig på 1600-talet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Byen Utrecht vart grunnlagd ved ein vadestad nær staden der Kromme Rijn møter Vecht i nord og Oude Rijn i vest. Det er lite att av dette elvevegskilje i dag og både Vecht og Rijn starta frå vollgrava rundt byen. Dei første kilometrane av elva er kanalisert og vert kalla Leidse Rijn (Leiden-Rhinen). Ho vert Oude Rijn etter jernbanebrua nær Harmelen (i kommunen Woerden). Ho renn så vestover gjennom Woerden der elva Lindschoten vert ei grein mot sør og Oude Rijn dannar ein del av byvollgrava.

Etter Woerden vert Grecht ei grein nordover og Oude Rijn held fram gjennom byane Nieuwerbrug, Bodegraven og Zwammerdam. Her munnar elvar De Meije ut i Oude Rijn. I Alphen aan den Rijn endar Aarkanaal ut i Oude Rijn på same stader som elva Gouwe forgreinar seg mot sør. Ho renn så langs Koudekerk aan den Rijn og Hazerswoude-Rijndijk (i kommunen Rijnwoude).

Etter Zoeterwoude-Rijndijk og Leiderdorp (der den korte elva Does endar) renn Oude Rijn gjennom Leiden. Her starta Rijn-Schiekanaal (mot sør) og elva Zijl (mot nord). Nieuwe Rijn (Nye Rhinen) er ei kort grein som i lag med Oude Rijn er ein del av Leiden sitt vollgravsystem og begge greinene renn i hop like etter sentrum av byen.

Elva Korte Vliet munnar ut i Oude Rijn og ho held fram gjennom Oegstgeest og Katwijk. Frå her er elva kanalisert (òg kalla Uitwateringkanaal) og munnar ut i Nordsjøen.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

I romartida var Oude Rijn mykje breiare og danna den nordlege grensa til Romarriket (Limes Germanicus). Mange castella og castra vart bygd langs elva for å vokte over grensa og desse utvikla seg til byar og landsbyar, inkludert Laurum (Woerden), Nigrum Pullum (Zwammerdam), Albaniana (Alphen aan den Rijn), Matilo (Leiderdorp), Praetorium Agrippinae (Valkenburg) og Lugdunum Batavorum (Katwijk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]