Alphonse Hasselmans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alphonse Hasselmans.
Alphonse Hasselmans 2.jpg

Alhponse Hasselmans (5. mars 184519. mai 1912) var ein belgisk-fødd fransk harpist, komponist og pedagog. Han vert ofte rekna som ein mindre komponist, men var ein nykelfigur når det gjeld harpespel.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Hasselmans vart fødd i Liège i Belgia. Far hans, Joseph Hasselmans, var sjølv komponist, dirigent, fiolinist og harpist. Alphonse synte talent på harpa som barn og tok til med studie på instrumentet ved musikkonservatoriet i Strasbourg med far sin. Seinare tok han læretimar på harpa i Stuttgart av Gottlieb Krüger, i Brüssel av Xavier Desargas og i Paris av Ange-Conrad Prumier.

Den fyrste viktige stillinga til Hasselmans var harpist for orkesteret åt Théâtre de la Monnaie i Brüssel. I 1877 gav han seriar med solo-opptredenar i Paris. Deretter var han i stand til å sikra seg ein plass som harpist i fleire kjende orkester i Paris. Hasselmans komponerte til saman femtifire verk; alle for soloharpe, aldri for harpe og orkester. Den mest kjende av stykka hans er ein konsert-étude med tittelen La Source (kjelda). Han transkriberte talrike verk som opphavleg hadde vorte skrive for andre instrument, til harpe, og redigerte viktige samlingar med étudar av den tidlegare 1800-tals-harpisten, Robert N. C. Bochsa.

I 1884 tok Hasselmans stillinga som professor i harpe ved musikkonservatoriet i Paris og beheldt stillinga til han brått døydde i Paris, 67 år gamal, i 1912. I denne stillinga trente Hasselmans dei fleste viktige franske harpistane på 1900-talet, m.a. Henriette Renie, Marcel Tournier, Carlos Salzedo, Marcel Grandjany, Lily Laskine og Pierre Jamet. Han skal ha vore ein streng og vanskeleg lærar, og vart ofte sint når elevane ikkje nådde opp til krava hans.

Arva etter Hasselmans[endre | endre wikiteksten]

Før han døydde skreiv Hasselmans ned eit viktig dokument, La harpe et sa technique (utgjeve i 1913), som understreka Hasselmans sine prinsipp i harpespel. Dottera hans, Marguerite Hasselmans, vart konsertpianist; ho var også elskarinna til komponisten Gabriel Fauré i mange år. Sonen Louis Hasselmans vart dirigent, særleg for opera. Dirigentkarrieren tok han til Sambandsstatane, der han arbeidde ved Chicago Civic Opera og Metropolitan Opera før han vart professor i musikk ved Louisiana State University.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]