Amadou Toumani Touré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amadou Toumani Touré

Amadou Toumani Touré, fødd 4. november 1948, er ein malisk politikar, og president i Mali sidan 8. juni 2002. Han var tidlegare president etter eit statskupp, frå 1991 til 1992.

Touré vart fødd i provinshovudstaden Mopti, der han gjekk grunnskulen. Frå 1966 til 1969 studerte han til å bli lærar i hovudstaden Bamako. Etter dette gjekk han inn i hæren. Han steig raskt i gradene som fallskjermsoldat. Etter vidareutdanning i Sovjetunionen og Frankrike vart han kommandant for fallskjermsoldatkommandoen i 1984.

I mars 1991 vart demonstrasjonar mot regimet til president Moussa Traoré slått ned med store tap av menneskeliv. Etter dette deltok Touré i eit statskupp mot Traoré og vart president i Overgangskomitéen for folkets redning. Slik fungerte han som statsoverhovud under overgangen til demokrati. Han organiserte val til nasjonalforsamlinga og presidentval i 1992. Etter presidentvalet overlet han makta til den nyvalde presidenten, Alpha Oumar Konaré, og fekk tilnamnet demokratiets soldat.

I juni 2001 var han generalsekretæren i SN, Kofi Annan, sin spesialutsending til Den sentralafrikanske republikken etter eit statskupp der.

I september 2001 pensjonerte han seg frå hæren. Han starta ein ny politisk karriere ved å stilla som kandidat til presidentvalet. Han vart vald som president i Mali med 28 % av røystene i første valomgang og 64,4 % i andre valomgang, 28. april og 12. mai 2002. Han stilte som uavhengig, partilaus kandidat. Han er framleis ikkje medlem av eit politisk parti, og i regjeringa har han representantar frå fleire ulike parti.

Han vart gjenvald for ein ny femårsperiode ved presidentvalet 29. april 2007.