Bamako

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartet viser kvar i Mali Bamako ligg.
Utsyn over Bamako frå ein ås rett utanfor byen.
Gatebilete frå Bamako.
Minibussar i Bamako.
Pont des Martyrs 'Martyrbrua', som bind i hop bydelane på kvar side av elva Niger.

Bamako er hovudstaden i det afrikanske landet Mali. Byen ligg ved elva Niger (Joliba 'blodelva' (joli 'blod', ba 'elv') på bambara) i den sørvestlege delen av landet. Bamako er administrativt sentrum i landet, og er ein viktig hamneby og eit regionalt handelssentrum. Hovudnæringane er tekstil, matvarer og metall.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Bamako er på sjetteplassen mellom dei raskast veksande byane i verda.[1] I 1884 hadde byen 2 500 innbyggjarar, i 1908 8000 innbyggjarar[2], i 1945 37 000 innbyggjarar, i 1960, året då Mali blei uavhengig, hadde talet stige til 100 000, og i 2009 var det kome opp i 2 209 225[3]. Byen er dessutan den sjuande største i Vest-Afrika, etter Lagos, Abidjan, Kano, Ibadan, Dakar og Accra.

Namnet på byen[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bamako kjem frå bambara og tyder 'krokodillerygg' (bama 'krokodille'; 'rygg').[4]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Bamako har desse bydelane; namna er skrivne på bambara (bamanankan) og nokre i tillegg på fransk (etter skråstreken når båe språka er med):

  • Hippɔdrɔme / Hippodrome
  • Korofina
  • Badalabugu / Badalabougou
  • Bamakɔ Kura / Bamako Coura
  • Jikoroni / Djicoroni
  • Bakɔ jikɔrɔni / Baco Djicoroni
  • Misira / Missira
  • Medina Kura / Médina Coura
  • Bankɔni / Bankoni
  • Maɲambugu / Magnambougou
  • Dravela
  • Jɛlibugu
  • Bolibana
  • Wɔlɔfɔbugu
  • Bajalan I,II,III
  • Ɲarela
  • Bagadaji
  • Bozola
  • Falaje
  • Ɲamakoro
  • Sɛbenikɔrɔ
  • Quinzanbugu
  • Kinsanbugu
  • Amdalayɛ
  • Sabalibugu
  • Titibugu
  • Lafiabugu
  • Badalabugu
  • Torokɔrɔbugu
  • Quartier du fleuve




Klima[endre | endre wikiteksten]

Bamako ligg lengst sør i Sahel og har eit tropisk klima med ein gjennomsnittleg nedbør på 878 mm i året, og med ei klårt åtskild tørketid og regntid.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar som er fødde i Bamako[endre | endre wikiteksten]

Norske organisasjonar i Bamako[endre | endre wikiteksten]

Mange internasjonale humanitære organisasjonar og misjonsorganisasjonar er etablerte i Bamako, og mellom norske organisasjonar finn vi Kirkens nødhjelp, Strømmestiftelsen, Santalmisjonen og Det norske misjonsselskap.[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Brauner, Siegmund 1974. Lehrbuch des Bambara. Leipzig: VEB Verlag Enzyklopädie.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The world’s fastest growing cities and urban areas from 2006 to 2020
  2. S. Konaté, Bamako, enracinée dans l’histoire, ouverte au Monde, L’Essor , 1er décembre 2005.
  3. Jf. artikkelen om Bamako på fransk wikipedia.
  4. Jf Artikkelen om Bamako på tysk wikipedia og Brauner (1974).
  5. Eigne observasjonar under fleire opphald i Bamako; Rolf Theil.