Amanda Kurtović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amanda Maria Kurtović (fødd 25. juli 1991) er ein norsk handballspelar fødd i Karlskrona i Sverige, som sidan sommaren 2012 spelar for danske Viborg HK. Ho vann VM-gull med Noreg i desember 2011 og OL-gull i juli/august 2012, samt meisterligaen med Larvik HK i mai 2011. Kurtović er venstrehendt, og er vanlegvis det som tyskarane kallar ein rykkrom-spelar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kurtović var medlem av Sandefjord TIF fram til sommaren 2007. Deretter spela ho tre sesongar for toppserieklubben Nordstrand frå Oslo, der ho på 70 kampar skåra 300 mål. Faren hennar, den svenske handballspelaren Marinko Kurtović, var trenar for Oslo-laget.

Sommaren 2010 gjekk ho til Byåsen Idrettslag, der ho spela 14 seriekampar og skåra 45 mål. Frå 4. februar 2011 til våren 2012 spela Kurtović for Larvik HK. Her var ho med å vinne serigeull både 2011 og 2012, den europeiske meisterligaen 2011 og den norske cupmeisterskapen for 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 gjekk ho over til den danske toppserieklubben Viborg HK.

Kurtović debuterte for Noregs landslag 26. mars 2011, i heimekamp mot Russland, ein kamp som enda med norsk siger 30-26. Ho fekkplass i Noregs tropp til VM i handball 2011 i Brasil. 18. desember 2011 vart ho verdsmeister med Noreg då det vart siger 32-24 over Frankrike i finalekampen i Sao Paulo, Kurtović skåra fire av dei norske måla.

Under OL 2012 i London var ho med då Noreg sikra seg OL-gull med finalesiger 26-23 over Montenegro.

I august 2012 har Kurtović spela 40 landskampar og skåra 81 mål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]