Karoline Breivang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Breivang under OL i Beijing 2008.

Karoline Charlotte Dyhre Breivang (fødd 10. mai 1980) i Oslo er ein norsk handballspelar som sidan 2005 har spela for Larvik Håndballklubb. Ho vart europacupmeister med klubben i 2008 og er sju år på rad (2006-12) seriemeister. Breivang har i perioden 2004-12 vunne fire EM-gull, to OL-gull og eitt VM-gull med Noregs handballandslag. Mellom 2000 og august 2012 har ho spela 254 landskampar og skåra 421 landslagsmål.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Breivang spela for Stabæk då ho hausten 2000 vart teken ut på det norske kvinnelandslaget i handball til EM 2000. Her fekk ho sin landslagsdebut mot Ungarn den 30. november. Med fleire ferske landslagsspelarar på laget kom Noreg på sjetteplass i meisterskapen. Hennar neste store meisterskap var EM 2004, der Noreg gjekk heilt til topps. Ho spela for Stabæk fram til sommaren 2005, då ho melde overgang til Larvik HK.

Sidan 2004 har Breivang vore med i Noregs tropp til alle meisterskap, no fram til 2012. Desse åra vann ho EM-gull i 2006, VM-sølv i 2007, både OL- og EM-gull i 2008, VM-bronse i 2009, det fjerde rake EM-gullet i 2010, sitt fyrste VM-gull i 2011 og sitt andre OL-gull i 2012.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2000 – 6.plass
  • EM 2004 – Gull
  • VM 2005 – 9.plass
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • VM 2007 – Sølv
  • OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 over Russland
  • EM 2008 – Gull
  • VM 2009 – Bronse
  • EM 2010 – Gull
  • VM 2011 – Gull
  • OL 2002 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]