Amberg
| Amberg | |
|---|---|
| Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Bayern Oberpfalz Kreisfreie Stadt |
| Bürgermeister | Wolfgang Dandorfer |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
50,04 km² |
| Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
44 456 888/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 374 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 92224 |
| Telefon-retningsnummer | 09621 |
| Bilnummer | AM |
| Heimeside: www.amberg.de | |
Amberg er ein by i Bayern i Tyskland. Han ligg i Oberpfalz, om lag halvvegs mellom Regensburg og Bayreuth. I 2006 hadde han 44 000 innbyggjarar.
Historie[endre]
Byen vart først nemnd i 1034 som Ammenberg. Han vart eit viktig handelssenter i mellomalderen og eksporterte hovudsakleg jernmalm og jernprodukt. I 1269 kom byen i lag med Bamberg under Wittelsbach-familien som styrte Bayern.
I 1329 fall byen og heile Oberpfalz til ei grein av Wittelsbach-familien og vart ikkje lenger ein del av hertugdømet Bayern. På 1500-talet vart byen omvendt til lutheranismen, men den herskande familien klarte ikkje å innføre den meir radikale kalvinismen då innbyggjarane gjorde motstand.
I 1628 vart Amberg og Oberpfalz igjen ein del av kurfyrstedømet Bayern. Innbyggjarane fekk eit val om å gå tilbake til katolisismen eller forlate byen for alltid. Mange familiar reiste frå byen til dei frie keisarbyane Regensburg og Nürenberg.
Amberg var regionshouvdstad i Oberpfalz fram til 1810 då denne funksjonen vart flytta til den større byen Regensburg.
Etter den andre verdskrigen og Bayern kom i den amerikanske sektoren vart Amberg heimstad til Pond Barracks, ein amerikansk base. Basen vart nedlagd i 1992.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Amberg» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2008.